tirsdag 29. april 2008

Helga gjekk, og gjekk som forventa


Nedturen i helga var igjen at Molde ikkje greidde å skåre mål, men som trøyst gjekk me forbi Rosenborg på tabellen.

Men det var han kompisen min, han som meiner at tabelle sett seg etter fem kampar. Han var i Bergen i helga for å sjå Lillestrøm ta sin første tre-poengar. Eg sendte han ei melding rett etter kampen for å høyre kva han hadde å seie til eige utsagn, svaret eg fekk var at det kom til å bli ein lang tur heim med nattoget. (Derav eg lurte på om turen med nattoget er lenger enn med dagtoget, det er den visst ikkje).

Lillestrøm fekk det ikkje til igjen. Tom Nordlie seier at det ikkje er krise, eg seier at det er krise i LSK.

Kom igjen: Kva har Nordlie bevist i toppen? Han vann eit sølv med Start (og eg kan namnet på mange andre som har gjort det bra ein sesong med eit lag). Han har rykka ned med Vålerenga, kva får meg då til å tru at han ikkje kan gjere det med Lillestrøm?

Når det er sagt trur eg ikkje LSK går ned, men noko må dei gjere. Å sparke trenaren er kanskje ikkje vegen å gå, men noko må gjerast.

Og oppi det heile blir Vidar Riseth fly forbanna etter kampen. Kort meg her og kort meg der. Javel, TV2 formidlar det du seier, det sett ikkje Lillestrøm i eit godt lys. Tenkt berre på Kippe i fjor. Og hadde Kippe spelt andreomgangen hadde han ikkje avslutta han. Det låg eit raudt kort i lufta der.


Men kan Tommy Sharif (mannen som er oppkalla etter Tom Lund) få hjula i gang? Han sponsar no klubben med ti millionar.

Rosenborg tapte mot Tromsø. Kva var det eg sa? Steinar Nilsen er ein klok fyr, men som Nordlie aldri bevist noko på sikt. Skal bli artig å sjå kva han kan få til der oppe under nordlyset.

Så no er det berre å vente på neste runde. Molde skal få det tøft på Ullevål mot Vålerenga som imponerte i går. Kanskje den gamle Molde-spelaren Martin Andresen får skikk på laget?

Kanskje eg skal prøve med eit spørsmål i ny og ne (svar i kommentarfeltet):
-Kven har spelt for flest norske toppserieklubbar og kva klubbar?



Dagbladet 1, 2

Ingen kommentarer: