tirsdag 29. april 2008

Lang, lang rekke, Børge Stensbøl ut av rekkja gå.


Lang, lang rekke, Børge Stensbøl ut av rekkja gå.

Slik er det i Tromsø for tida, visst syng dei i dialekten, men det er ikkje gladsang for tida.

Tromsø-OL har allereie fått erfaring i at Stensbøl sluttar, det er andre gongen på eit par månader. Han rekk å seie opp 60 gonger til om han fortsett i samme tempo. Og oppslutninga om OL synk - rart...



Det er jo ikkje noko som er som det bør vere i Tromsø. Ein liten triveleg by som ruinerar seg sjølv i eit tapt slag. Eg har sansen for byen, men det er eit håplaust prosjekt dei har stelt i stand der oppe. OL er stort, det trengs enorme ressursar å gjennomføre (ikkje berre økonomiske, du treng frivillege og ein by i ryggen). Eg er ikkje så sikker på at folket i Tromsø er overvettes positive. Og det ser ikkje ut til at Børge Stensbøl trur på prosjektet, han heller.

Næringskoordinatroen til Tromsø 2018 tenkte, ifølgje Dagbladet, "kva faen gjer me no?" Det kan han med rette tenkje. Og om spørsmålet er enkelt er svaret desto meir kompleks.

Kva med å gje opp?

Eg berre spør.

Hadde det vore opp til meg hadde eit sultefora Sverige fått OL, dei kan greie å stille seg bak og gjere ein god jobb. Så kan me i sofaen heime berre slappe av og sjå på tv imens.


Dagbladet 1, 2, 3, 4

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hovedårsaken til problematikken rundt Tromsø 2018 er arbeidet for å sabotere prosjektet sørfra.

Din teori om at det er mangel på frivillige holder ikke vann, Bukta, Døgnvill, Riddu Riddu, Mandela konserten kan nevnes som referanse. Det lange arbeidet før og etter lekene trenger ikke på langt nær like mange deltagere som selve leke, å det er ingen tvil om at det kommer nok folk til Tromsø dersom det skulle bli et evt. vinter OL.

Flott at man har forskjellige meninger, hjelper å belyse eventuelle problemer før de måtte oppstå

Idrettsblogg sa...

Det burde eg sjølvsagt tatt med, det er eit problem at mange sørpå ikkje er med på notene, og det er kanskje hovudproblemet.

Når det er sagt så er eg også mot OL på Lillehammer og i Oslo. I det store og heile er eg mot OL i Norge for tida.

Som eg skreiv, det hadde vore betre med eit sultefora Sverige.

Men, du har heilt rett (ja, eg er søring, men ikkje frå austlandet).