torsdag 24. april 2008

Lillestrøm, Brann og Rosenborg - og tabellen


Ein kompis av meg har sagt at det er først etter fem rundar av Tippeligaen ein kan sjå at tabellen har sett seg, kven kjem til å slite, kven gjer det bra. Han er Lillestrøm-fan. Så på søndag skal eg sende han ei melding og høyre om han framleis tenkjer det samme.

Sjølv var eg på Åråsen på søndag og såg kampen mellom Lillestrøm og Molde. Den som endte 1-1, men det som slår meg er at Lillestrøm var heldige som ikkje tapte. Ja, dei hadde nokre store sjansar, eit skot i stanga og slik, men i andre omgang var det Molde som var heilt klart best, Molde vart også snytt for eit straffespark då Forren vart skubba unna på corner.


Så til no har LSK to poeng, for ikkje å snakke om at dei er sist på tabellen. Det er ikkje bra nok på Romerike, dei som skulle vere med å kjempe om gullet. Og til helga skal dei til Bergen og møte Brann på Brann stadion. Eit lag med problem mot eit anna lag med problem. Brann har tatt litt fleire poeng enn Lillestrøm, men det er langt frå godt nok.

Eit anna lag som slit er Rosenborg. Dei har heller ikkje imponert så langt i år, med sine fire poeng ligg dei langt nede på tabellen. Rosenborg skal møte Tromsø til helga, eit lag dei helst bør slå. Men Tromsø har hatt eit godt tak på Rosenborg på Lerkendal, dette kan bli spanande. No trur dei at dei skal doble poengfangsten med Iversen og Sapara på banen. Til no har dei eit poeng i snitt per kamp, det er ikkje så vanskeleg å forbetre...

Men for ein som har ein del kompisar som heiar på Lillestrøm er det jo litt artig no. Paybacktime for ein Molde-supporter som meg.

Og om du skulle lure, mannen på biletet skal vel vere Tom Nordlie.


Dagbladet 1, 2, 3

1 kommentar:

Anonym sa...

Med andre ord du kommer til å kose deg når Brann banker burhønsene fra stasjonsbygden 6-2 som i 2005!!!