onsdag 2. april 2008

Kvinnefotball, meir enn baller?


TV2 viste klipp frå den nye serien om kvinnefotball-eitt-eller-anna som skal komme. På tide at kvinnefotballen får eit løft, dei siste åra har det stort sett berre vore kampar på tv under meisterskap (skulle berre mangle, damene har gjort det bra).

Eg har vore på Føyka og sett Asker og eg har vore på eit par cup-finalar. Ja, om du vil, det er ikkje det same som herrefotball, men det er det vel ikkje nokon som nokon gong har tvilt på? Men det er greitt, Norge er jo eit artig land i så måte, det er kvinnehandballen som har slått til her til lands. Det er dei kvinnelege handballspelarane som er kjent - ikkje herrane. Det første store løftet til herrehandballen har først vore dei siste par åra.

Det var jo også ein stor diskusjon då kvinnecup-finalen vart flytta til Bislett, eg var for flytting, men eg syntes argumentasjonen vart heilt feil. Ein snakka om å redde grasmatta til herrefinalen og slik. Ein burde heller fokusert på at kvinnene kunne lage seg eit arrangement som var meir slik dei ville.

Så gler eg meg til at serien kjem på TV2, då får me sjå kor sexistisk den er. Mest av alt håpar eg det blir seriøst og bra. Og TV2 skal iallefall ha all ære for satsinga på Anita Rapp. Det er jo ein start iallefall.


Ingen kommentarer: