tirsdag 8. april 2008

Det brenn eit gult lys


Så er "fakkel"-"stafetten" i full gang. Og ikkje utan oppstyr, men ein ting er sikkert, sjølv om fakkelen brenn eller ikkje, ei sak får mykje merksemd.

Eg hugsar då ein eller annan kinesisk president-eitt-eller-anna var i Oslo, ein fekk då ikkje gå rundt i byen med gule klede, det var eit symbol for Tibet-saka. No er det ei ildkule som går gjennom Europa, på veg til Kina.

No er det i og for seg ikkje så viktig lenger om den fakkelen brenn eller ikkje, det som har vore grunnen til demonstrasjonane har fått ei pressedekning andre berre kan drøyme om - kanskje meir enn om opninga av OL blir boikotta.

Det heile starta som alle veit med han kisen som kom seg inn på tenninga av fakkelen. Derfrå har det balla på seg, i Aten, i London og no i Paris. I kjølevatnet av alt dette har debatten om ein boikott blussa opp. Boikott blir det ikkje noko av, det er berre å fastslå først som sist, det er uaktuelt. Både frå idrettens-, politikkens- og mi side. Eg skal sjå. Men eg ser ikkje opninga, det har eg heller aldri gjort før, det blir for høgkulturelt...

I sakas kjerne står Tibet. Kinesarane tek livet av folk der og vil gjerne halde på regionen, ein region som ikkje minst om nokre år kjem til å bli ein av dei viktigaste i området. Grunnen til det er at det er kjelda til drikkevatnet for millionar av folk. Og vatn er som kjent viktig.

Og kva har dei gjort for å få blest om saka? Nettopp, du tek noko som alle i verda har eit forhold til, OL-fakkelen. Du får han slukka (det var vel politiet som slukka han til slutt?) Og så er debatten i gang. Denne kjem til å legge eit så stort press på Kina før OL at noko må gjerast.

Gule lys for Tibet

IOC vil som vanleg ikkje gjere noko, det minste dei burde gjere er å forsikre seg om at Tibet får vere i fred under OL. Men pampane i systemet sit på sin særs kvite hest og ser ned. Ein av dei som ser mest ned er Gerhard Heiberg. Som meiner at norske politikarar ikkje har peiling på noko som helst - men det har heldigvis han! Han som kom inn i IOC under den ikkje ukjente Samaranch, idrettsministeren til Franco i Spania...

Og no er saka blitt så stor at alle har fått det med seg. Jens Stoltenberg, Kongen, Gordon Brown, George Bush (!) med fleire. Her er det berre å ringe den som har makta i Kina.

OL-boikott er som sagt ikkje aktuelt, men kva skulle skje om ein utøvar gjer som Milorad Cavic? Då blir det sikkert utestenging og bot. Den sjansen er det sikkert ingen som vil ta, men at det hadde gitt merksemt, det er sikkert.

I Norge har mange utøvarar sagt at dei er berre idrettsfolk, men på ein "mørk himmel" er det ei stjerne som lyser opp, det er Guro Knutsen som allereie før jul sa at ho skulle sette seg inn i saka. Respekt!

Så fortsett med fakkel-slukking. Det kan ha noko for seg. Kanskje det gule Tibet-lyset vil leve lenge på grunn av det!


Dagbladet 1, 2, 3, 4, 5 og så vidare.

Ingen kommentarer: