fredag 21. mars 2008

Politisk ytring innan idretten



Den serbiske svømmaren Milorad Cavic er utesperra frå resten av svømme-EM fordi han hadde på seg ei t-skjorte med politisk ytring: "Kosovo er Serbia". Det er imot det internasjonale svømmeforbundets reglar å gjere slik...

Men det er ikkje første gongen idrettsarrangement blir nytta til politisk ytring. I Mexico by i 1968 kom ei av dei mest kjente politiske ytringane i sportsverda. Tommie Smith vann 200 meter-løpet på 19.83 (verdsrekord), Smith var USAinanar av afrikansk avstamming. Nr. 2 var Peter Norman frå Australia, med John Carlos på tredje. Også han av afrikansk avstamming.


Under medalje-seremonien gjekk dei to USAianarane på podiet utan sko, berre iført svarte sokkar som eit symbol på svart fattigdom i USA. Smith hadde også eit svart skjerf for å markere svart stoltheit. Alle tre hadde armbandet til Den olympiske prosjektet for menneskerettar. Før leikane hadde dei svarte utøvarane blitt oppmoda til å boykotte arrangementet, noko dei ikkje gjorde. Dei to frå USA hadde også på seg svarte hanskar - og då nasjonalsongen vart spelt bøygde dei hovudet og heva handa i salutt. Tilskodarane på tribuna bua på dei, men det vart førstesideoppslag dagen etter.

Smith sa seinare at If I win, I am American, not a black American. But if I did something bad, then they would say I am a Negro. We are black and we are proud of being black. Black America will understand what we did tonight.

Avery Brundage, presidenten i IOC, forlanga at utøvarne skulle eksluderast frå leikane, noko Den amerikanske olympiske komite nekta å gjere. Brundage truga då med at heile det amerikanske friidrettslaget kom til å bli nekta, dette førte til at amerikanarane ekskluderte dei to resten av OL.

Det vart sagt at det heile var eit brot på den olympiske anden!

Sjølv har jo IOC tatt til orde for at alle verdas krigar skal stoppe under OL, noko eg er sterkt for, med det er vel også eit politisk bodskap?

Begge to fekk det vanskeleg i ettertid. Begge gjekk etter kvart over til amerikansk fotball. Familiane deira fekk drapstrugslar. Norman, australiaren, fekk reprimande av Den australske olympiske komite og vart ekskludert. Han fekk ikkje vere med i OL i 1972 sjølv om han vart nr. 3 i uttakinga.

Universitet i San Jose, der begge amerikanarane hadde vore studentar, hedra dei to i 2005 med ei 20 fot høg statue og utstillinga Speed City: From Civil Rights to Black Power. Legg forrestan merke til at Norman, som også måtte lide ikkje er med på sigerspallen på minnesmerket i San Jose!



I norsk samanheng har me også Lars Bohinen som nekta å spele mot Frankrike på grunn av prøvesprengingane i 1995. Sjølv om dette ikkje skjedde på sjølve idrettsbanen skapte saka debatt i Norge då.

Dagbladet om Milorad Cavic

2 kommentarer:

Anonym sa...

Reaksjonen var fortjent. Serberne bør forstå at det ikke finnes to sett med regler, en som gjelder for serbere og tillater alt mulig og en som gjelder alle oss andre.

Det står i regelverket til dette forbundet at poltiske ytringer og å ha flagg på pallen er ikke tillat. Da må serberne rette seg etter dette selv om de ser på seg selv som Guds utvalgte folk.

Idrettsblogg sa...

Spørsmålet er om kor langt og kva ein kan ytre.

Ifølgje ein medietalsmann som var intervjua på SVT var ikkje dette mot reglane, men ein måtte likevel sjå på kva ein skulle gjere med det. Poenget er vel å skape presedens for framtida. Vil ein godta dette er det mykje anna ein må godta seinare.

Men kor skal grensa gå? Kva om eg hadde stått der med ei t-skjorte for eit sjølvstendig Vest-Norge? Ei sak som ikkje er så mykje oppe i dagen (enno)? Hadde det vore greitt?

Eg meiner at det burde komme reaksjonar på t-skjorta hans, men utestenging er etter mi meining litt for krasst. Det er her dei same folka som dømmer som også seier at det er på idrettsbanen ein skal vise styrke.

Noko han ikkje har moglegheit til lenger...