fredag 30. november 2007

Kjenner du'n Stig?

Det gamle spørsmålet kjem opp igjen.

Stig Inge Bjørneby, ein gong i tida trenar for Start i Kristiansand, har fått oppleve at det glad-kristne sørlandet kan vere ei hard og tøff affære.

No klagar han over ein artikkel i Agderposten som refererte til sex-rykter. Ja, den refererte til sex-rykter. Det er jo ikkje hyggeleg, og det er ikkje fint gjort av Agderposten. Problemet for Bjørneby er jo den frie pressa som er i landet. Eg meiner at det ikkje er nødvendig å referere til det, men det er ikkje dermed sagt at det ikkje skal gjerast.

Også Fedrelandsvennen har skrevet om saka, men dei fjerna det og har beklaga seg i ettertid.

Men, kva no, Stig Inge? Kvifor ikkje avkrefte eller stadfeste rykta? Du gjer jo grobotn for sanninga så lenge dei ikkje avkreftast!

Kjenner du'n stig..?



http://fotball.aftenposten.no/eliteserien/article95627.ece

Ove Flindt-Bjerg

Odd vil ha ny trenar etter Ove Flindt-Bjerg. Dei rykka jo ned, så det er vel ikkje så rart, det er jo ikkje mange lag som går ned som vil halde på trenaren sin? Det skjer heile tida, den siste som eg kjem på i farta som vart med laget ned som trenar er Iver Morten Nordmark den første gongen Aalesund rykka ned.

Feilen til Odd var å sparke Gaute Larsen og Arne Sandstø. To som hadde fått mykje ut av eit lag med få ressursar og ikkje den beste stallen. Det er typisk Odd å vinne nokre kampar på rad for så å tape ein drøss med kampar på rad. Det at laget vann dei tre siste kampane hadde like gjerne kunne ha skjedd med Larsen og Sandstø som trenarar som med Flindt-Bjerg.

Det skal bli artig å sjå kven som tek over laget no til neste år. Det er ikkje så mange ledige trenarar på marknaden for tida. Arild Stavrum er aktuell for Skeid, Espen Olafsen har sine gode grunnar til å takk nei til jobbar. Men det er alltids folk der ute.

Norge har jo vore gjennom eit generasjonsskifte dei siste åra når det kjem til trenarar. Mange spelarar har blitt trenarar i toppklubbar rett etter spelekarriæra, som Kjetil Rekdal, Henning Berg, Steinar Nilsen og no sist Marin Andresen.

Så Odd kan vel finne ein, dei òg?

torsdag 29. november 2007

Odd ikkje så ille stilt som Start

Som eg skreiv for nokre dagar sidan, i Start ser det ikkje bra ut.

I Odd derimot, det ser det ikkje så verst ut. Det er ikkje så mykje å skrive om det. Rune Jarstein går sikkert snart, det hadde han nok gjort uansett. Og Espen Ruud går, greitt nok, men klubben står ikkje ribba tilbake i Skien.

Det var sjølvsagt dumt av Odd å kvitte seg med Gaute Larsen og Arne Sandstø, dei har gjort ein fabelaktig jobb med klubben utan å ha dei ressursane tilgjengeleg som mange andre lag har hatt. Og så har dei vel slitt litt med det same problemet som Mons Ivar Mjelde i Brann, Martin Andressen der, Tommy Svindal Larsen i Odd. Etter det eg har høyrt er Svindal Larsen ein som har spreidd misnøyge i Odd i mange år. Han vil konstant vekk frå klubben, men blir alltid verande. Hadde behovet for å komme seg vekk vore så stort kunne han ha stukket av for lenge sidan. No bør han bli for å få klubben opp att.

Men Odd framstår som ein småsympatisk klubb som eg har sansen for.




http://www.dagbladet.no/sport/2007/11/29/519666.html

Eggen, Rosenborg og Tørum

Så er sjuande far i huset, gjenferdet på Lerkendal, ute og kommenterar det som skjer i Rosenborg. Eg skjønar at han gjer det, han har jo vore der så mange år og kjenner systemet, men så vidt det eg har fått med meg er det ikkje noko ønskje frå Rosenborg at han skal snakke i tide og utide.

Eggen sr. har hatt sitt å seie på Lerkendal sidan sekstitalet, han har jo oppnådd mykje som trenar, den største bragda kom vel eigentleg med Moss i 1987. Han snakkar og snakkar, skulle neste tru han var i klubben enno. Men det er feil, men det er ein inkarnasjon der - Knut Torbjørn. Eller junior. Son av sin far.

Men det er innhaldet i kritikken frå Eggen som eg reagerer på. Måten han karakteriserar Knut Tørum på. Det har då ikkje Eggen noko med? Det er greitt at Eggen sjølv gjekk etter sine eigne eggenske filosofiar, men det må vere ope for dei som kjem etter å endre litt på det? Men i den eggenske filosofi er det han som har rett og dei andre feil.

Åge Hareide var ein som prøvde å gjere noko med forgubbinga på Rosenborg-laget, han gjekk. Hadde alt vore fryd og gammen hadde han nok blitt, men på toppen satt Rune Bratseth som har brukt opp mang ein trenar dei siste åra. Verst var det med Ola By Rise, ingen i Rosenborg har vel blitt verre behandla enn Ola By! Trufast til alle tider, hadde bart og ein Rosenborg-spelar som folk som heia på andre klubbar måtte innrømme var sympatisk (ein av få, Roar Strand glimtvis).

No er inkarnasjonen der, det første han fekk til var å gje Tørum sparken. Det låg i lufta sidan inkarnasjonen kom tilbake til Trondheim. Tørum skulle ut, same kva!

Og senior argumenterar for at det var rett å sparke ut Tørum.

Det er då eg lurer på: Kor har det blitt av den eggenske kontinuetetstanken? Eller gjeld den berre for Eggenane sjølve?

Ny Holmenkollbakke? Tull og tøv!

Eg har snakka med mange om den nye Holmenkollbakken, og der er mest alle samde med meg, det er ikkje vits å byggje ein ny bakke. Og det har sine grunnar.

Den eine grunnen er at Holmenkollen er eit symbol for Oslo som operahuset er for Sidney, Globen for Stockholm og Kreml for Moskva (kanskje viktegare for Moskva enn ein bakke for Oslo, men la gå). Holmenkollen slik som den står i dag kan sjåast frå heile byen, den er det mest vitja bygget i Oslo. Folk kjenner til Holmenkollen, utlendingar kjenner til den (for mange er det jo det einaste dei kjenner til i Oslo!) Det er ein fin siluett som står majestetisk oppi åsen.

Det er dyrt å byggje ein ny bakke. Men det er dyrt å ruste opp den bakken som er no. Men for den kronasjen ein treng for ein ny bakke kan det eksisterande anlegget rustast opp kraftig.

Ein grunn til å ikkje flytte bakken er at slik det er no så er alt samla på ein stad.

Tåka er eit problem i Oslo, men det vil det vere alle andre stadar ein har tenkt å byggje ein bakke også. Den som nyttar det som argument har gått seg vill - i nettopp - tåka!

tirsdag 27. november 2007

Ribba Start

Start var så udyktige at dei rykka ned frå Eliteserien i år. Verst for dei. Etter ei turbulent tid gjekk det ikkje vegen til slutt. Eg var på Ullevaal og såg Lyn-Start i siste serierunde som nøytral tilskodar. Og eg må seie at det Start varta opp med var så rævva dårleg, sjølv om dei visste kva som ville skje om dei tapte.

Og status no etter nokre veker er eit ribba lag:
Allereie vekke
Kristoffer Paulsen:
Til Molde

Jon Midttun Lie:
Til Lillestrøm

Steinar Pedersen:
Til Lillestrøm

På veg ut, ganske så sikkert:
Kenneth Høie: Går sikkert til Viking
Ygor: For dyr
Fredrik Strømstad: Landslaget? Då må han gå
Kristofer Hæstad: Ibid.
Inge Andre Olsen: Er vel Stabæk-spelar snart?

Kanskje dei blir, me får sjå:
Atle Roar Håland
Anthony Annan
Rune Nilsen
Tommy Runar
Geir Ludvig Fevang
Bård Borgersen
Bruno
Leif Otto Paulsen

Dei blir!
Ole Martin Årst: All respekt (gjelder alle)!
Martin Borre
Bernt Hulsker
Espen Børufsen
Morten Hæstad
Aram Khalili
Christer Kleiven
Jesper Mathisen
Joey Hardarsson
Lars Martin Engedal


Har gått i løpet av sesongen:
Stefan Bärlin:
Gjekk til Odd og sendte Start ned ein divisjon

David Nielsen:
Tapte kampen mot Goliat

Bjarte Lunde Aasheim:
Valte tredjedivisjon(!)

Alex Valencia:
Ut av rekkja gå

Ben Wright:
Til Lincoln

Marius Johnsen:
Lillestrøm

Feigt
Det er mange her som har litt å lære av Magne Hoseth, Daniel Berg Hestad og andre i ulike klubbar som har blitt etter nedrykket. Har ein vore med å få klubben ned burde ein ikkje berre stikke av etter at det gjekk feil. Ein fotballspelar har eit ansvar, dei tener pengar på at folk faktisk bryr seg. Det må dei ikkje gløyme!

Her kommer vinter'n

Me har passert skiftet mellom vinter- og sommaridrett. Det er heile tida nokre idrettar som har si sesongopning no for tida.

Og tida framover blir spanande. Eit element som ventar ein kvart år er kven som blir det nye stjerneskotet. Alle har på ein måte byrja på null, og i år er det sikkert nokre nye som ventar på å nå verdstoppen i sin idrett. Kven det blir er vanskeleg å seie.

Og dette gjelder ikkje berre for Norge, det er spanande å sjå kven som kjem opp frå andre land. Eg hugsar då Magdalena Neuner kom, eit friskt pust i skiskyting for Tyskland. Tyskland har vore flinke til å rekruttere folk i eitt og hint. Berre så synd at dei er fråverande på friidrettsbanen.

Russarane kjem alltid dragande med ein eller annan. Svenskane har vore flinke dei siste åra, kanskje blir dei med i verdstoppen i skiskyting for herrar også i år?

Me som blir sittjande og sjå i vinter får sjå!

God vinter.

lørdag 24. november 2007

Gå fort på ski! Men kven gjer det?

Så er verdscupen i langrenn i gang for alvor. Og kva skjer?

Det er litt artig det som skjer, ein frå Tyskland vinn - Axel Teichmann. Det er greitt. Så ein tsjekkar, ein svenske og nok ein tyskar. Så langt alt greitt.

Kven kjem så på 5. plass? Ein nordmann, men ikkje ein spesiallangrennar - Ole Einar Bjørndalen?

Kva skjer med det norske langrennslaget? Dei blir slått av ein som må dele treninga si mellom langrenn og skyting. No kjem sjølvsagt argumentet om at Bjørndalen er fristilekspert. Ja, men kvifor har ikkje då spesiallaget ein som er fristilekspert? Då kjem det at Petter Nortug ikkje gjekk. Nei, han gjorde ikkje det, sport er slik at ikkje alle kan delta, det er ein del av sporten. Kanskje hadde Vebjørn Rodal vunnet OL-gull sjølv om Wilson Kipketer var med?

Bra gjort av Bjørndalen i alle fall. Og Lars Berger gjekk heller ikkje!



http://www.dagbladet.no/sport/2007/11/24/519159.html

Arbeidsoppgåver og dritt...

Så har det skjedd igjen, Åge Skinstad har pålagt landslaga i langrenn å snakke om arbeidsoppgåver på pressekonferanser, ikkje om resultat.

Noko så keisamt.

Ein av grunnene til at eg liker Bjørgen, Uhrenholdt Jacobsen, Skofterud og folka er at dei snakka om andre ting også. No skal dei pressast inn i eit mønster der dei blir pålagt kva dei skal snakke om.

Me som ser på sport er ikkje interesserte i dette, me er interesserte i kva som rører seg og kva som skal skje. No ser det ut til at landslaget er tilbake på Bente Skari-nivå.

Norge har ein lang tradisjon der ein byr på seg sjølv. Det er slik Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie vart folkeheltar. Dei gav og pressa skreiv. Dei framstod som folk og ikkje som idrettsmaskiner.

Det er trist om dette blir satt i system. Skinstad burde vete betre med fortid i media. Og utøvarane burde vete betre, dei lever av sponsing. Ei som Vibeke Skofterud har fleire sponsorar, det er ikkje fordi ho er best, men ho gjer av seg sjølv. Folk kan relatere seg til ho, sjølv om ho ikkje vinn ofte.

Mitt råd til utøvarne er at dei ikkje må kunne godta dette. Dei må få lov å seie det dei vil. Når dei vil.

Og om målet skal vere å ta igjen det langrenn har tapt til skiskyting så må dei stå på mykje. Skiskyting er av natur meir interessant enn langrenn, då må langrenn ta grep for å få oppmerksomheit og ikkje klage over at langrenn blir nedvurdert i forhold til skiskyting i media og slik.

For langrennsfolka har mykje å by på. Og det bør dei fortsette med!




http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=186616

fredag 23. november 2007

Gro Hammerseng sine private notatat...

Alle skal skrive biografi no for tida. Siste i avisa er at Gro Hammerseng er bedt av Marit Breivik om å skrive bok.

Dette er ei bok som kan bli meir interessant å lese enn mange andre bøker som er på marknaden. Det er ikkje så mange handballbøker der ute, så vidt eg veit er det ikkje nokon biografi om korkje Trine Haltvik (eit kapittel i "Gylne øyeblikk" av Knut Bjørnsen, men ikkje ei heil bok) eller Hanne Hegh.

Handballen har mange interessante ting å bidra med. Alt frå idretten i seg sjølv, kvifor den er blitt så populær i Norge, kvifor det er akseptert å ha homofil legning der og så bortetter.

Generelt meiner eg at det er for mykje rart ute og går, men at alle idrettsbøker skal ønskjast velkomne. Det er artige tilskot til litteraturen. Kva hadde norsk fotballbiografigenre vore utan Olaus Brunvoll si bok "Åge Hareide" frå 1984. Eit fint innblikk i ein fotballspelars liv på den tida.

Ei av dei beste idrettsbøkene eg har lest er Gudmund Skjeldal si "På villspor: Takk og farvell til toppidretten" (1995). Det er ei reflektert bok om idrettens for- og baksider. (Det er samstundes ein bibel for alle som hatar idrett, der er det mange bra argument å finne mot idrett.) Det diskuterar han sponsing, etikk og moral, samfunnet og meir til.

Berre så synd at den andre boka til Gudmund Skjedal ikkje tok opp tråden frå den første. "Den siste langrennaren: ei historie om Kristen Skjeldal og snø" (2006). Den framstår som bitter, bitter på endringar først og fremst. Ei bok som har lite nytt å melde. Spørsmål om kva som er best i 5-mila i Kollen blir omhandla. Ja, om ein langrennsløpar vil gå 25 km. rundar er det fritt fram. Om han vil tene pengar så går han slik det er lagt opp i dag. Men det står det ikkje noko om i boka, den er einsidig på at 25 km. er det einaste rette.

Kva Gro Hammerseng kjem til å bidra med gjenstår å sjå, det er fort gjort å skuffe, men det kan komme ei perle av ei bok om ho ser utover det som skjer berre på banen.

Lukke til, Gro.



http://www.dagbladet.no/sport/2007/11/22/519035.html

torsdag 22. november 2007

Steve McClaren ut av rekka gå

Så skjedde det som måtte skje, Steve McClaren fekk sparken etter at England, kjempars fødeland, ikkje kvalifiserte seg til EM.

Og grunnen? Den er litt artig. Bloggen her har i det siste handla ein del om keepertabbar. Og kva skjedde i går? Paul Robinson vart sett ut av laget og ein annan, Scott Carson, tabba seg ut i staden for. Men det er McClaren som tek ut laget og som må stå skulerett etter smellen.

Dette er første gong sidan 1994 at England ikkje får vere med i eit stort meisterskap. Til EM 1996 trengte dei heller ikkje å kvalifisere seg, det gjorde dei gjennom å arrangere. Det meisterskapet vil vel bli hugsa for ein ting: Ein av dei beste fotballsongane gjennom tidene. "Football's comming home" eller "Three Lions" som den vel heiter.

For oss som vil minnast gode, gamle dagar:

I think it's bad news for the English game
We're not creative enough, and we're not positive enough
It's coming home
It's coming home
It's coming
Football's coming home...
(We'll go on getting bad results, getting bad results..)
It's coming home
It's coming home
It's coming
Football's coming home
It's coming home
It's coming home
It's coming
Football's coming home
It's coming home
It's coming home
It's coming
Football's coming home

Everyone seems to know the score
They've seen it all before
They just know
They're so sure
That England's Gonna throw it away
Gonna blow it away
But I know they can play
'Cause I remember...

Three Lions on a shirt
Jules Rimet still gleaming
Thirty years of hurt
Never stopped me dreaming

So many jokes, so many sneers
But all those oh-so-nears
Wear you down
Through the years
But I still see that tackle by Moore
And when Lineker scored
Bobby belting the ball
And Nobby Dancing

Three Lions on a shirt
Jules Rimet still gleaming
Thirty years of hurt
Never stopped me dreaming

(England have done it, in the last minute of extra time)
(What a save, good old England, England who couldn't play football, England have got it in the bag )
I know that was then
But it could be again

It's coming home
It's coming
Football's coming home
It's coming home
It's coming home
It's coming
Football's coming home
(England have done it)

It's coming home
It's coming home
It's coming
Football's coming home
It's coming home
It's coming home
It's coming
Football's coming home
It's coming home
It's coming home
It's coming
Football's coming home
Three Lions on a shirt
Jules Rimet still gleaming
Thirty years of hurt
Never stopped me dreaming

Snipp, snapp, snute...

...og Norge er ute.

Dette var då ikkje noko nytt. Norge vann og Tyrkia vann. Etter Norge-kampen kunne me på Viasat4 sjå slutten av kampen i Istanbul. Bosnia har frispark og sender opp tre mann. Kor er interessa av å vinne? Men eg bryr meg ikkje så hardt, det finst verre ting enn som så.

Kampen til Norge var ok. Resultatet var bra, motstandaren viste tidvis glimt av bra fotball. Nok om det.

Tyrkia gjorde det dei måtte. Hadde Norge overbydd Tyrkia hadde nok Bosnia vunnet. Med det meiner eg, ja, at kampen var kjøpt og betalt. Og Tyrkia betalte best. Det er ikkje grunnen til at Norge er ute av EM! Det må alle forstå. Grunnen er enkel: Poeng tatt tidleg i kvaliken tel like mykje som dei som vart tatt på slutten. Me hadde sigeren i lomma mot Hellas heime. For ikkje å snakke om Tyrkia borte. Eller kva med Bosnia-kampen? Åge Hareide, stakkars, kan ikkje så mykje for at folk bæsjar på leggen. Og eg kan ikkje tenkje meg at Thomas Myhre sov godt i natt.

Gjort er gjort, spist er spist.

onsdag 21. november 2007

Vadim Demidov og Rosenborg

Skulle Vadim Demidov gå til Rosenborg er det, slik eg ser det, av økonomiske hensyn.

Grunnen er enkel: I Rosenborg kan dei betale godt.

Og: Ingen klubbar i Norge har kjøpt så mange unge spelarar på veg opp som Rosenborg (det har dei ein viss tradisjon på), men etter ei stund solgt dei same folka. Dei slo rett og slett aldri igjennom.

Jan Gunnar Solli var ein habil spelar, gjekk plutseleg til Brann og vart seriemeister. Fast på Brann-laget og no på landslaget. Alexander Ødegaard kom frå Sogndal og forsvann til Viking og inn på landslaget.

Daniel Braaten, Karim Essidiri, Alejandro Lago, Trond Fredrik Ludvigsen, Espen Johnsen, Hassan el Fakiri, Morten Knutsen, Tor Trondsen... Lista kan bli lenger, hadde eg berre gidda.



http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=186341

Til smør på maten

John Anders Bjørkøy vil ha gryn, ikkje berre litt, men mykje. 9 mill over fem år. Det er litt meir enn lommerusk.

Han takka dei til tilbodet som Rosenborg kom med, visstnok rundt det halve. Det er jo ei grei inntekt det også? Det er ikkje mange eg kjenner som tener så mykje. Eg må vere ærleg og seie at eg ikkje skjønar kva Bjørkøy tenkjer på. Livet og økonomien som fotballspelar er vel gått til hovudet på han? Eller er det drøymen om utlandet og dei store, blinkande pundsedlane?

Eg er ikkje den største fanen av Rosenborg, men slik saka framstår meiner eg at det er Bjørkøy som sit att med svarteper. Om han ikkje prisa seg sjølv ut for å sleppe å gå til Rosenborg, då kan eg forstå han. Vel vel - eg hadde nok takka ja til ein jobb som betalar meg 900 000 i året, for ikkje å snakke om ein jobb der eg kunne gjere det eg likar best i livet, om det er fotball eller vaskejobb.



http://www.fxt.no/tippeligaen/rosenborg/article1454136.ece

Malta - Norge

Så er det kamp igjen. Norge kan, men kjem ikkje til EM, det er dommen min. No hadde eg feil i min siste spådom, men til meir ein tippar jo meir sansynleg er det at ein får rett.

Mitt tips i kveld: Tyrkia drit seg ut.
Norge drit seg ut.

Så er me like langt!

Åge Hareide veit ikkje kva han skal gjere framover. Han går nok av, men det avheng av eit par ting. Eit alternativ er at han får seg jobb i Molde FK som manager eller noko. Kjell Jonevret sit trygt i trenarstolen, sjølv om Åge skulle komme tilbake. Eller han går tilbake til banken der han kom frå (og kven hadde han som skjef då han jobba i bank sist? Riktig, Sondre Kåfjord.)

Det som heller ikkje overraskar meg er om han går til utlandet. Var det ikkje Stig Lillejord som sa at Åge ikkje har sjanse på å få seg jobb i ein storklubb? Nei, det trur ikkje eg heller, men om han vil trur eg han kan jobbe seg oppover i England. Mange av dei han spelte saman med og kjenner frå Manchester City og Norwich sit no i posisjonar rundt om i engelsk fotball. Dei kan nok hjelpe. Og så hjelp det på det han har fått til i Norge, Sverige og Danmark som trenar. Serie- og cupgull i alle landa er det ikkje mange som har.

Og så kan han fortsette på landslaget. Kven andre skal ta over? Sollid tener for godt, Normark vil ikkje kunne rykke ned med landslaget, så han vil nok ikkje bli trenar der.

Det som ville overraske meg er om han går tilbake til Rosenborg. Etter det året han var der så er det rart om det skulle gå. Men Rosenborg har vist seg som ein merkeleg klubb før også, dei ville jo ha tilbake Steffen Iversen - mannen som ropte "hater, hater RBK" på balkongen i Oslo.

Undrenes tid er ikkje over.

tirsdag 20. november 2007

England og Paul Robinson

Har ikkje engelsfolka vist kampane til Norge på TV? Då hadde dei ikkje klaga så mykje på Paul Robinson. Greitt, han har gjort ei tabbe eller to, det er ikkje å komme utanom, men så dårleg er det ikkje stilt. Han har faktisk spelt 9 av 11 kvalikkampar utan å sleppe inn mål.

Keeperproblem er ikkje uvanleg. Alle har sine feil, eller har gjort. Det paradoksale er jo at Jørn Jamtfall (med aukenamnet Gjør Jamnt Feil) er keepertrenar på det norske landslaget i dag. Det er han som er ansvarleg for Håkon Opdahl og Thomas Myhre! Ikkje verst. Men om uttrykket "å lære av sine feil" er sant, så må vel Jamtfall vere ein av dei beste keeprane i landet?

Paul Robinson har hatt tabbar, men har statistikken på si side. I Norge ser det ut til å gå motsatt veg. Stakkars Robinson...

mandag 19. november 2007

Thomas Hom og Martin Andresen

Så har det skjedd, ein spelar har gått frå Vålerenga fordi Martin Andresen kom.

Naja, det er litt meir nyansert enn som så. Holm har ikkje noko imot konkurranse (det trur eg på, fotball er konkurranse og ein må rekne med at det er mange spelarar om beinet i ein klubb), men det er klart at når du har same plass på banen som skjefen sjølv, mannen som også skal ta ut laget, då blir det vanskeleg. Og såframt at Andresen er skadefri så er han nok på banen.

Men artig valg av Holm, han går til Molde som satsar i det små før neste år. Det vil han spele fast og sikkert også blomstre. Han skal jo spele saman med Magne Hoseth og Daniel Berg Hestad på midten. Den lagdelen blir ganske så bra!

Lukke til Holm.

søndag 18. november 2007

Flott av Guro Knutsen!

Guro Knutsen går i ut i Dagbladet og seier at ho gjerne bruker stemma si på å seie noko om forhalda i Kina.

Guro Knutsen (22), trønder, spelar på Røa og landslaget. Og så er ho medisinstudine.

Dette er noko av det beste som kunne skje no. Fotballsesongen er ferdig og Knutsen har jo nettopp vore ein tur i Kina (VM). Greitt nok, ho er ikkje den mest profilerte spelaren på landslaget, men her viser ho at det blir endring framover. Idretten treng folk som er samfunnsengasjerte, jf. Bohinen i 1995 (som nekta å spele mot Frankrike) og Solskjær (UNICEF).

Guro Knutsen i Dagbladet

Bjarne Berntsen derimot skuffar. Forrige månad sa han til Dagbladet: "- Vi forholder oss først og fremst til det sportslige og kommer ikke til å bruke mye tid på samfunnsspørsmål under OL. Vi reiser til Kina for å spille fotball. Det er premisset."

Som trenar burde han lære litt av (kommunisten) Egil "Drillo" Olsen. Før ein landskamp fekk han spørsmålet om kva han var mest bekymra for. Olsen svarte noko slik som "framgangen av kapitalismen" eller noko i den dur.

Flott Guro! Få med deg fleire av dei andre også.






http://www.dagbladet.no/sport/2007/11/16/518419.html

Marit Bjørgen vinn - surprise!

Marit Bjørgen er i form på Beitosdølen og vinn igjen. Ikkje berre ein gong, men tre gonger på ei helg.

Kanskje det blir artig med Bjørgen igjen, ho var jo god, så var det krangling om kven som var best å trene ho. Samsdal har gjort det igjen, Bjørgen er tilbake!

Og så er det ei til eg har sansen for, det er Astrid Jacobsen frå Oslo. Ho som slo igjennom sist vinter og vart verdsmeister. Det er artig når ho snakkar på TV, ho gjev intellegente svar og verkar reflektert. Då ho vart spurt om kva ho skulle gjere i fritida under VM i Sapporo svarte ho at ho skulle lese bøker. Då var det Dostojevskij og slik.

Det er lenge sidan sist, som regel er det svar som "jeg har trent i 30 år for å gjøre dette" og slik. Fint å få inn folk men humør. Så saknet etter Bente Skari, eller Bente Martinsen om du vil, er ikkje så stort.




Astrid Uhrenholdt Jacobsen, biletet er henta frå heimesida hennar

And the winner is: Kebab

Det som ikkje skulle skje, skjedde. Jaja, og grunnen? Som eg skreiv i går, Norge vinn fordi Thomas Myhre ikkje står i mål, jammen har ikkje Norge ein tradison å få ein Myhre igjen og igjen.

Opdal er jo som regel ein solid. Problemet er at når tabellen skal gjerast opp til slutt så tel alle kampar likt, den første gjer like mange poeng som den siste og dei i midten skal ein heller ikkje gløyme. Så hadde Norge tatt vare på 2-0 leiinga i Frankfurt (den flotte heimebanen til Tyrkia) hadde Norge vore kvalifisert for lenge sidan. Eller hadde me vunnet i byrjinga. Og såvisst, såfremst som, bla bla bla.

Men kebab er betre enn pølse: Kebaben er daud, leve kebaben!

lørdag 17. november 2007

Eit knepp fram og to tilbake

Uff det er vinter igjen. Eg hatar vinter.

Men det er bra ting med snø, det er skiskyting på TV - det er artig. For ikkje å snakke om lyrikken til Jon Herwig, no blir det kos kva helg framover! Ola Lunde snakkar om knepp hit og dit, som om eg skulle bry meg, men det gjer eg ikkje. Men det høyrer med, vind på standplass og slik. Bjørndalen som har eit liv utanfor skiskytinga, det livet som heiter Natalie Santer. Fråhaldsmannen og skyttaren. Frode Andresen som skal vekkforklare at han skyt ti bom til Pedersen i NRK. Dag Erik viser at han kan språk, og det skal han ha all mogleg skryt for: han er eit unntak i sportsverda. Kvifor kan ikkje NRK få tak i ein til journalist som kan intervjue folk på tysk?

Det er rett og slett flaut at NRK er så dårleg i språk.

fredag 16. november 2007

Noreg - Tyrkia i morgon

Noreg vinn!

Grunnen er sjølvsagt at Noreg skårar mål og ingen skårar på Noreg. Thomas Myhre står ikkje i mål lenger for landslaget - kan ikkje skjøne det? Det har vel litt med at han slapp inn billege mål tidlegare i kvalifiseringa. Me hadde vore klar for EM allereie om han ikkje hadde kladda det til.

Trur det blir ein keisam kamp, då tenkjer eg ikkje på det som skjer på banen, men det som skjer på tribuna. Bosnia-Herzegovina var artig, Tyrkia måtte også spele på nøytral grunn, men i morgon er det ikkje noko som skjer.

Nordmenn er keisame, tyrkarane som bur i Noreg har blitt norvagiserte - dei er blitt keisame dei også. Beviset ligg i at VG må ty til kampen mellom pølse og kebab. Hadde det vore noko å snakke om hadde dei skrevet om Abdullah Öcalan og Kurdistan. 

Lenge leve kebab!



http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=185752

Raufoss

Jaja, Raufoss vil, men får det ikkje heilt til.

Sportsleg kvalifisert, men ikkje økonomisk. Difor må Raufoss ned i dass. 2. divisjon er vel ikkje plassen du vil vere når du har brukt energi på å halde det i 1.?

Sjølv er eg delt i synet. Eg meiner idrett først og framst handlar om det sportslege. Raufoss er god nok til å vere i 1. divisjon, ergo skal dei vere der.

Men det er åpenbart at ein treng å oppfylle nokre krav for å vere der, tribune og slik. Men om ein kompisgjeng er god nok til å spele i 1. - då må dei få lov.

Var også imot at Asker sitt damelag måtte ta turen ned for eit par år sidan. Det at Juventus måtte ned var greitt, det var så graverande - og dei hadde jo vunnet kampar på grunn av kampfiksing. Når økonomi og prestasjon på banen blir så sterkt kobla så er det greitt at dei får svi på pungen.



http://www.fxt.no/forstediv/article1448004.ece

Bohinen legger seg paddeflat

Bohinen igjen, denne gongen om Miki Kjølø.

Her seier Bohinen dette: "Vi skal oppføre oss ordentlig og realt mot alle, ikke minst mot våre egne. "

Men det er ikkje så viktig om det er snakk om Branns Huseklepp.

På tide å sitere Lukas (6,41): Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?



http://www.fxt.no/tippeligaen/stabaek/article1447946.ece

Hæstad vil ikkje ha gryn?

Det er pengar å hente på landslaget. Sjølv om du ikkje er på banen. Men det er greitt nok det, 400 000 for å komme til EM er ein fin sum. Då blir det meir enn berre smør på maten.

Frode Kippe bygger hus, heldiggrisen. Der kjem 400 000 godt med. Dei fleste andre i troppen har bra med gryn, skulle ein tru, fotballspelarar er ikkje direkte underbetalt. Difor er det litt artig at Kristoffer Hæstad kan gje frå seg pengane for å vere sikker på å komme til EM. Gå frå ei synkande skute til ein annan klubb slik at han får speletid før EM - kanskje han burde gje pengane til Start slik at dei kjem seg tilbake. Då kan han spele fast, noko som gjer at han kan spele på landslaget. Men å hjelpe klubben tilbake til Eliteserien, det vil han ikkje. Han burde lært litt av Magne Hoseth.



http://www.fxt.no/norge/article1445031.ece

Synd på Nina Solheim

Synd at Nina Solheim ikkje får sparke frå seg skikkeleg på ei stund framover. Ho verkar å vere sympatisk (trass i at ho er trønder…)

Det er synd at det skjer, men slik er vel idretten sin natur? Berre så idiotisk måte å gjere det på. Bli sparka i leggen av ein komikar. Så har vel Henrik Elvestad fått sparka frå seg for ei stund.

Tragikomisk?



http://www.dagbladet.no/sport/2007/11/16/518405.html

«Håper du klarer å smile hele veien til banken»

Så startar dagen bra.

Lars Bohinen og Erik Huseklepp har ulike mål i livet...

Det er artig at ein mann som Bohinen sender SMS til Huseklepp. Sjølv har eg aldri fått melding frå Bohinen, men han veit nok ikkje kven eg er. Sakas kjerne er den: Huseklepp har skrevet under for Brann og ikkje for Stabæk. Huff og huff. Det likte ikkje Bohinen, nei, det skulle forundre meg. Men å bli så sur at han sender meldinga: «Håper du klarer å smile hele veien til banken», det er for meg eit mysterium.

Lars Bohinen var kjent som ein mann som gjekk sine eigne vegar, han spelte ikkje kampen mot Frankrike etter at dei opptok prøvesprenging av atomvåpen. No er han sur på Huseklepp for at han ikkje vil spele på Stabæk – eit lite lag som har som sitt store mål å spele på ein nedlagt flyplass.

Lat den godaste Huseklepp få vere der han er. Og i fred der han er. I Brann.

Hadde han gått til Stabæk hadde han i alle fall blitt skulda for å gå etter pengane!



http://www.dagbladet.no/sport/2007/11/16/518397.html

Velkommen til Idrettsblogg

Denne bloggen skal oppdateres med ujevne mellomrom. Målet er å se på det som skjer rundt om i verden og da med hovedvekt på idrett og samfunn.

Så får vi se hva det blir til.

Både nynorsk og bokmål vil bli brukt.