tirsdag 28. oktober 2008

Hölzenbein og amputasjon


Dette er berre ei lita artig sak. Denne austerrikaren Lanzinger som måtte kappe foten etter eit fall i Kvitfjell vil no saksøke både den eine og andre.

Men kven var det som var med å kappe foten? Hölzenbein, ein lege frå Austerrike. Altså, dr. Trefot.

Minner meg om den kjente Aalesund-spelaren Haltur Trebeinson.

Dagbladet

fredag 24. oktober 2008

Takk og farvel til Asker frå ein Asker-fan


Så er mitt forhold til Asker slutt. Brått og plutseleg.

Eg er ein av dei som har Asker-skjerf. Eg har vore på Føyka og sett Asker spele. Eg har vore på to cup-finalar, stått i regn og vind for å sjå Asker utklasse Team Strømmen på eit gjørmete Ullevaal-gras.

No er det slutt, eg kan ikkje lenger heie på Asker.

Det blir sagt at ein ikkje kan skifte klubb. Ein kan skifte dame, sokker og mykje anna, men ikkje klubb. Her er eit par grunnar til at du faktisk kan bytte:

*Klubben inntek eit politisk standpunkt du ikkje kan stå for.
*Klubben svik supporterane.
*Klubben slår seg saman med ein klubb du ikkje likar

Og det er sikkert noko meir.

Kan nokon forklare meg korleis eg som Molde-fan kan heie på Stabæk sitt damelag i fotball? Eg ser berre ikkje at det kan gå, og eg er heller ikkje interessert i å gjere det.

Eg håper at fleire ser kva det er Asker har gjort mot fansen sin. Me var med då dei rykka ned, men ikkje når dei går til Stabæk, no har dei gått over grensa til det hinsidige.

Takk for meg.

No blir det sikkert Røa.


PS, VG skriv at "Det blir første gang en klubb i Norge har topplag både for kvinner og menn." Kan nokon sjekke kva divisjon damelaget til Molde var hen i 1994? Berre slik for sikkerheits skuld.

fredag 17. oktober 2008

Spanande til slutt


Så er det snart Tippeliga-innspurt. Og det ser ut til at Stabæk tek det heile i land. Grunnen til det er ikkje at dei kjem til å avgjere det sjølv, men fordi Molde kjem til å vinne borte mot Tromsø til helga og Fredrikstad neste helg.

Det er tre kampar igjen. Stabæk har ei leiing på seks poeng. Ein siger på tre kampar er ikkje noko hokkus pokkus, til og med Aalesund eller HamKam kan greie det. Og med 20 plussmål meir enn Fredrikstad... Du treng ikkje jobbe på SSB for å sjå korleis dette går til slutt.

Men sjølv så syns eg det er litt synd at Stabæk skal vinne serien. Det er faktisk litt småbittert. Her har eg vore fan av Molde i tjue år og vel så det - eit lag som har historiar om den gongen dei nesten vann serien. Hadde det vore tre poeng for siger i 1974 hadde Molde vunnet. Hadde Molde vunnet siste kampen mot Moss i 1987... No skal det komme eit lite lag frå Bærum og vinne heile greia?

Det verste er jo at dei har ein gong ikkje folk på stadion når dei spelar. 5724 er og ser på kampane. Nokre av dei er bortefans, dei kan faktis ta imot ganske mange når det spelar mot Vålerenga, Lillestrøm, Godset eller Fredrikstad. Legg merke til at eg ikkje skreiv Lyn.

Molde har eit snitt på over 2500 meir enn Stabæk. I ein kommune der det nesten ikkje bur folk, med eit lag som har spelt dårleg på heimebane i år og med kringliggjande kommunar utan folk.

Men det er Stabæk som vinn serien. Det er noko feil her.

Eller så er det berre misunning...