torsdag 29. mai 2008

Lang, lang rekkje, Tom Nordlie ut av rekkja gå


Det har blitt mange slike overskrifter på meg i det siste. Nokre avgangar har vore meir venta enn andre, denne her var det vel ingen som vart overraska over?

Men det er jo synd at det skal skje, Tom Nordlie er jo ein figur som svarar pressa, sett skapet på plass. Men profet i eige land vart han ikkje.

No trur eg ikkje at det er så enkelt å seie at Nordlie har alt ansvaret for Lillestørms fall. Det må vere litt i veggane på Åråsen som luktar mugg?

Nordlie vart vel i si tid nesten påtvunget klubben av den rike onkelen. Mange i administrasjonen ville ha Rösler - men penga rår og Uwe gjekk.

No blir det vel ferie på Nordlie før han skal redde eit eller anna lag frå nedrykk i haust og atter ein gong bli genierklært.









onsdag 28. mai 2008

Vatn på mølla?


Det er i Rosenborg det skjer for tida. No er det Siri Marte Hollekim, den kvinneleg trenaren i Rosenborg.

Når det er sagt skal Rosenborg ha skryt for at dei har ei kvinne i trenar-teamet. Eli Landsem har vel trent herrelag i 2. divisjon, men ellers kan eg ikkje komme på nokon andre som har gjort det.

Men det som kjem ut no er vatn på mølla for mange. Ein ting er klart, at folk blir sjukmeldt er ei ærleg sak, det kan alle bli.

Det som eg reagerar på i Dagbladet i dag er at Erik Hoftun seier at ho har gjort ein god jobb. Og at Rosenborg har ein "lab". Leiaren for laben har sagt opp. Kontrakta til Hollekim går ut til nyttår. Lableiaren skal ha hovudansvaret for treninga av den fysiske biten.

Om Hollekim har gjort ein så god jobb som Hoftun seier, kvifor ikkje fortsette å nytte seg av kunnskapen hennar?

Naja, dei får drive på.



Dagbladet

tirsdag 27. mai 2008

Lang, lang rekke. Eggen ut av rekka gå...

Det kom vel ikkje som noko sjokk, men det er synd for Knut Torbjørn Eggen som går av som sportsleg leiar i Rosenborg eller kva no enn for tittel han har hatt der oppe. Det er jaggu ikkje godt å vete, det er jo blitt så mange kokkar i Trondheim, det er berre det at gourmetrestauranten manglar.

Det var vel i desember i fjor at han gjekk på smellen, var det ikkje det? Då hadde Per Messias Høgmo og Rune Bratseth allereie vore vekke frå jobben.

Det kvevjast sitt å vere leiar i Rosenborg, det skjønar eg også. Dei siste fem åra er det vel fem trenarar som alle er tatt inn for så å forsvinne ut att. Eggen junior er blitt anklaga for å ville ha jobben etter sin far og at han som eit ledd i prosessen måtte kvitte seg med Knut Tørum.

Noko som er blitt avvist som sludder. Så er det vel det, då.

Som ein digresjon, eg las intervjuet med far Eggen i sportsbilaget i Dagbladet sist fredag - den mannen har ikkje mykje godt å seie om Tørum. "Han er flink til å sette ut kjegler" eller noko i den dur var det einaste positive han hadde å seie om den stakkars Tørumen. Men gjennom heile intervjuet kom det stikk til Tørum i negativ retning.

Så skal sonen, Knut Torbjørn, altså sitte midt imellom og dømme levande og daude. Eller "has been" og "wannabes". Det seier seg sjølv at det ikkje bli lett i ein slik situasjon. Pappa, som mange har sett på som Gud på Brakka vs. den sitjande trenaren, mannen som faktisk skal utføre jobben. Som han heller ikkje fekk utført. Artig er det jo at ein siger mot Chelsea (eller var det uavgjort?) fører til to trenarbytte: Mourinho flytta frå London og Knut Tørum til Drammen.

Kven som har rett og kven som tek feil gjer eit uvisst svar. Eller - Morten Pedersen har sikkert svaret.

Det er ikkje langt til korkje barken eller veden om du står midt imellom.

Får håpe Knut Torbjørn kjem seg til hektene snart igjen.

Det står ein stol ledig etter Morgan Andersen ein stad lenger sør i landet!



torsdag 22. mai 2008

Endeleg! Men eg hadde ikkje trudd at NFF skulle ta til fornuft




Tenk at NFF har fått tilbake flagget! Ein siger for oss som har sans for tradisjonar.

Hurra-dag!!!



onsdag 21. mai 2008

Jevgenij Pljusjtsjenko i Grand Prix!


Du såg kanskje han på rulleskøyter som var med i det russiske bidraget til Grand Prix i går? Det er ikkje nokon kven som helst - det er Jevgenij Viktorovitsj Pljusjtsjenko.

Han var olympisk meister i kunstløp i Torino, menn singel, i 2006. No bur han i St. Petersburg i ein stille og roleg bydel i nord-vest. Han har vunnet fleire leiligheiter i St. Petersburg dei siste åra og tener mykje gryn på utleie. I Russland er han ein stor kjendis, ein levande Sonja Henie.

Eg fekk mest bakoversleik der eg satt og såg på kassa saman med eit par kompisar og nokon alkoholfrie øl (var for seint ute på butikken og dei hadde ikkje meir lett-øl). Plutseleg står det ein av verdas mest kjente idrettsmenn på ei scene i Grand Prix!


Kunstløp er ein gigantidrett rundt om. Det er vel den idretten i (iallefall) vinter-OL som er mest kultivert, og den har sjåarar som ikkje ser andre ting frå eit OL enn opnings- og avslutningsseremonien.

Men når sant skal seiast, Russland treng vel hjelp frå høgre makter enn ein olympiameister for å vinne Grand Prix i år. Den sangen var heller dårleg.



tirsdag 20. mai 2008

Nytt landslagemblem


Dette veit eg ikkje om eg er samd i, Norge har no fått eit nytt landslagemblem som dei skal ha på drakta. Første kamp blir no mot Uruguay på Ullevål.



NFF skriv på sine nettsider at berre 7 av dei 50 beste landslaga nyttar flagget aktivt i landslagemblemet sitt. Og at Norge er det siste med berre flagget. Er det no eit argument for at Norge må gjere som alle andre? Kvifor kan ikkje me vere litt spesielle?

Ikkje er emblemet så fint heller. Det skal vere 11 skjold. Dei symboliserar dei 11 som er på banen (her får me håpe at Norge ikkje får raude kort...)

Skrifta er også til å kritisere. ORGE er skrevet med store bokstavar, medan "n" er liten. Og kva om det kjem ein nynorskbrukar? Håper dei har eit emblem med nOREG også (ja, sjølv meiner eg Norge burde vere godkjent på nynorsk, noko det ikkje er.)

Draken skal vel symbolisere vikingskipa, greitt nok. Fargane er jo frå flagget.



Så får me sjå om det hjelp Norge til å vinne kampen mot Uruguay.

Ane Stangeland Horpestad til høgre i den nye drakta.



mandag 19. mai 2008

Fred over Kjell Kristian Rikes minne



Ein helt er gått bort.

Kjell Kristian Rike har gjort så mykje for norsk idrett, er gått bort, berre 63 år gamal. NRK er blitt ein god kommentator fattigare, det blir rart no når vinteren kjem at han ikkje er der.

Sjølv traff eg Rike ein gong, det var på NM på ski i Molde ein gong tidleg på nittitalet. Eg spurte om å få ein autograf, han stoppa og fortalte meg kor stressa han var og slik. Eg fekk aldri autografen, men han kunne også berre hasta forbi utan å orsake seg. Eller han kunne skrevet autografen og gått vidare - det hadde tatt kortare tid enn forklaringa.

Eller som då han kommenterte golf og til slutt kom med eit hjartesukk: "endeleg skjer det noe."

Det var artig å høyre på han og Carlsen.

Fred over Kjell Kristian Rikes minne.



Dagbladet 1, 2, 3, 4

Verdas raskaste sofa!



Du kjenner kanskje ikkje så godt til namnet Edd China, men du veit kven det er. Det er han høge fyren i Wheeler Dealers på Discovery Channel.

Eg veit ikkje om dette er ein vanleg sport, men den får plass her på idrettsbloggen: Det er snakk om verdsrekorden (sjølvsagt godkjent av Guinness). Rekorden er på 148 km/t.

Sofaen er godkjent for bruk på veg, den har firetrinns automatkasse og alt som er naudsynt. Og den har sjølvsagt verdsrekorden for verdas raskaste møbel!

Ikkje verst.

Eg kjem att


Hei alle,

eg har berre hatt ein liten pause frå blogginga, men eg kjem att snart med nye innlegg.


tirsdag 6. mai 2008

Nye lavmål



Sjå på dette, dette er frå VPN.no - Vålerenga på nett sine sider.

Her har Oslo-lagets fans nådd eit nytt lavmål. Penishovud i Molde-drakt er å gå over streken.

Hareide med kritikk - og med støtte


Dette er litt artig:

I Aftenposten seier Åge Hareide at han støttar Martin Andresen. Saka er framleis om kut-påstandane han kom med til Kjell Jonevret.

I NRK gjer han det stikk motsatte.

Aftenposten: "Hareide støtter Andresen."
NRK: "Landslagssjefen kritiserer kapteinen sin for utskjellingen av Molde-treneren."

Så er det sagt. Artig.



NRK

Aftenposten

mandag 5. mai 2008

Kuk og anna. Jonevret og Andresen - og Rønsen


Martin Andresen framstod i går som den han tidlegare også har utgitt seg for å vere, ein lurvete fyr utan mykje ære i behold.

Greitt nok, Kjell Jonevret, Moldes trenar, ville ikkje at ballen skulle raskt i spel når Vålerenga fekk innkast ti minutt før slutt. Vålerenga ligg under 2-1 og vil i angrep.

Fortel meg ikkje at Martin Andresen ikkje hadde gjort det same sjølv.

Men så kjem Andresen med orda som har fylt pressa i dag: "Din jævla kuk".

Skal dette vere kuken til Jonevret?

Slik blir sagt, her er det berre nokre vesentlege forskjellar frå det som er vanleg. Martin Andresen er ingen "vanleg" spelar. Han er trenar og manager og alt mogleg i Vålerenga. Det er han som folk skal sjå opp til (korleis dei skal gjere det får vere deira problem).

Det er mange ungdommar i Vålerenga som får med seg at frå no av er presedensen i Vålerenga at det er lov å kalle trenaren til motstandaren "ein jævla kuk".

Og Arild Rønsen, sjølverklært Vålerenga-patriot heng seg på. Han gjer Jonevret tipset at han kan byrje å bruke ord som fitte og fuck (som han ikkje skriv ut i fulltekst). Og hore og alt mogleg. Så Rønsen har det same lavmålet som Andresen?

Og så Vålerenga, då. Klubben som er så stolt for sitt anti-rasistiske arbeid. Ut med mobbing og mini-Klan (som er eit bra tilbod, dei burde kanskje ikkje bli plassert rett ved bortefansen, men det får gå).

Andressen burde, i staden for å seie at han ikkje angra, fulgt Valebroks lov: "Når du trakker i salaten, bli ståande."



Dagbladet 1, 2,