onsdag 30. april 2008

Så var det ikkje hold i ryktet


Så vart ikkje Tom Nordlie sparka i dag, og atter ein gong ser me eit døme på at eit rykte ikkje held det som seiast.

Kanskje best for alle partar?

Nordlie forsvinn i dag?


Ryktet frå Lillestrøm i går seier at Nordlie er ute av Åråsen i løpet av dagen.

Men dette er berre eit rykte, kva som skjer får me vete seinare.

Det som eg lurer på er kor djupt stoltheita til Per Berg og gjengen som fekk inn Nordlie stikk. Det var ei prestisjetilsetting utan like på Lillestrøm. Uwe Rösler gjekk ut, mannen som kan knekke Lillestrøm eit hakk til i helga (som som sikkert gjer det med glede).

Dagen i dag kan bli spanande!

tirsdag 29. april 2008

Lang, lang rekke, Børge Stensbøl ut av rekkja gå.


Lang, lang rekke, Børge Stensbøl ut av rekkja gå.

Slik er det i Tromsø for tida, visst syng dei i dialekten, men det er ikkje gladsang for tida.

Tromsø-OL har allereie fått erfaring i at Stensbøl sluttar, det er andre gongen på eit par månader. Han rekk å seie opp 60 gonger til om han fortsett i samme tempo. Og oppslutninga om OL synk - rart...



Det er jo ikkje noko som er som det bør vere i Tromsø. Ein liten triveleg by som ruinerar seg sjølv i eit tapt slag. Eg har sansen for byen, men det er eit håplaust prosjekt dei har stelt i stand der oppe. OL er stort, det trengs enorme ressursar å gjennomføre (ikkje berre økonomiske, du treng frivillege og ein by i ryggen). Eg er ikkje så sikker på at folket i Tromsø er overvettes positive. Og det ser ikkje ut til at Børge Stensbøl trur på prosjektet, han heller.

Næringskoordinatroen til Tromsø 2018 tenkte, ifølgje Dagbladet, "kva faen gjer me no?" Det kan han med rette tenkje. Og om spørsmålet er enkelt er svaret desto meir kompleks.

Kva med å gje opp?

Eg berre spør.

Hadde det vore opp til meg hadde eit sultefora Sverige fått OL, dei kan greie å stille seg bak og gjere ein god jobb. Så kan me i sofaen heime berre slappe av og sjå på tv imens.


Dagbladet 1, 2, 3, 4



Helga gjekk, og gjekk som forventa


Nedturen i helga var igjen at Molde ikkje greidde å skåre mål, men som trøyst gjekk me forbi Rosenborg på tabellen.

Men det var han kompisen min, han som meiner at tabelle sett seg etter fem kampar. Han var i Bergen i helga for å sjå Lillestrøm ta sin første tre-poengar. Eg sendte han ei melding rett etter kampen for å høyre kva han hadde å seie til eige utsagn, svaret eg fekk var at det kom til å bli ein lang tur heim med nattoget. (Derav eg lurte på om turen med nattoget er lenger enn med dagtoget, det er den visst ikkje).

Lillestrøm fekk det ikkje til igjen. Tom Nordlie seier at det ikkje er krise, eg seier at det er krise i LSK.

Kom igjen: Kva har Nordlie bevist i toppen? Han vann eit sølv med Start (og eg kan namnet på mange andre som har gjort det bra ein sesong med eit lag). Han har rykka ned med Vålerenga, kva får meg då til å tru at han ikkje kan gjere det med Lillestrøm?

Når det er sagt trur eg ikkje LSK går ned, men noko må dei gjere. Å sparke trenaren er kanskje ikkje vegen å gå, men noko må gjerast.

Og oppi det heile blir Vidar Riseth fly forbanna etter kampen. Kort meg her og kort meg der. Javel, TV2 formidlar det du seier, det sett ikkje Lillestrøm i eit godt lys. Tenkt berre på Kippe i fjor. Og hadde Kippe spelt andreomgangen hadde han ikkje avslutta han. Det låg eit raudt kort i lufta der.


Men kan Tommy Sharif (mannen som er oppkalla etter Tom Lund) få hjula i gang? Han sponsar no klubben med ti millionar.

Rosenborg tapte mot Tromsø. Kva var det eg sa? Steinar Nilsen er ein klok fyr, men som Nordlie aldri bevist noko på sikt. Skal bli artig å sjå kva han kan få til der oppe under nordlyset.

Så no er det berre å vente på neste runde. Molde skal få det tøft på Ullevål mot Vålerenga som imponerte i går. Kanskje den gamle Molde-spelaren Martin Andresen får skikk på laget?

Kanskje eg skal prøve med eit spørsmål i ny og ne (svar i kommentarfeltet):
-Kven har spelt for flest norske toppserieklubbar og kva klubbar?



Dagbladet 1, 2

fredag 25. april 2008

Harald Stenvaag



OL seinare i år kunne blitt Harald Stenvaags sjuande OL som aktiv deltakar (skjønt, eg veit ikkje kor aktive desse skyttarane er?)

Han var med i 84 (Los Angeles), 88 (Seoul), 92 (Barcelona), 96 (Atlanta), 00 (Sidney) og 04 (Athen).

Eg sit her og prøvar å komme på kven som har deltatt i seks OL for Norge. Petter Thoresen har fem OL som ishockey-spelar. Fem OL er det vel mange som har? Problemet er at det for mange år sidan var folk med i både sommar-OL og vinter-OL.

Så om nokon kan hjelpe meg med å finne ut kven som har vore med i seks OL (eller fleire) for Norge er eg glad for det.



torsdag 24. april 2008

Lillestrøm, Brann og Rosenborg - og tabellen


Ein kompis av meg har sagt at det er først etter fem rundar av Tippeligaen ein kan sjå at tabellen har sett seg, kven kjem til å slite, kven gjer det bra. Han er Lillestrøm-fan. Så på søndag skal eg sende han ei melding og høyre om han framleis tenkjer det samme.

Sjølv var eg på Åråsen på søndag og såg kampen mellom Lillestrøm og Molde. Den som endte 1-1, men det som slår meg er at Lillestrøm var heldige som ikkje tapte. Ja, dei hadde nokre store sjansar, eit skot i stanga og slik, men i andre omgang var det Molde som var heilt klart best, Molde vart også snytt for eit straffespark då Forren vart skubba unna på corner.


Så til no har LSK to poeng, for ikkje å snakke om at dei er sist på tabellen. Det er ikkje bra nok på Romerike, dei som skulle vere med å kjempe om gullet. Og til helga skal dei til Bergen og møte Brann på Brann stadion. Eit lag med problem mot eit anna lag med problem. Brann har tatt litt fleire poeng enn Lillestrøm, men det er langt frå godt nok.

Eit anna lag som slit er Rosenborg. Dei har heller ikkje imponert så langt i år, med sine fire poeng ligg dei langt nede på tabellen. Rosenborg skal møte Tromsø til helga, eit lag dei helst bør slå. Men Tromsø har hatt eit godt tak på Rosenborg på Lerkendal, dette kan bli spanande. No trur dei at dei skal doble poengfangsten med Iversen og Sapara på banen. Til no har dei eit poeng i snitt per kamp, det er ikkje så vanskeleg å forbetre...

Men for ein som har ein del kompisar som heiar på Lillestrøm er det jo litt artig no. Paybacktime for ein Molde-supporter som meg.

Og om du skulle lure, mannen på biletet skal vel vere Tom Nordlie.


Dagbladet 1, 2, 3

onsdag 16. april 2008

Endeleg! Idrett og Amnesty.


Guro Knutsen
Gro Hammerseng
Jørre Kjemperud
Susanne Wigene

Merk deg namna.





Eg har jo før skrevet om Guro Knutsen og at ho vil stille opp for Amnesty for menneskerettar i Kina.

Det er flott at nokon bryr seg. Menneskerettane er viktige, og sett opp mot grove brot på dei, kva er då idretten i forhold?

Ein kan sjølvsagt seie, med rette, at sport er med på å halde folk oppe, mange finn glede i denne type tevlingar. Og sport har også ofte spelt ein stor rolle i kampen om anerkjenning og frigjering. Jesse Owens satt eit lys på svarte under nazi-OL i Berlin 1936, Cathy Freeman på aborginarane i Australia og mykje meir. Lista er lang.




Difor trur eg at sport kan nytte. Det er ikkje sport som i seg sjølv løyser problema i verda, men det kan vere med på å bringe saker opp i lyset. Og om det kan hjelpe, så er det bra.

Så eg vil ønskje dei fire lukke til med kampanja, det samme til Amnesty som står bak.

Stikk også innom Amnesty sine heimesider.


Dagbladet
Dagbladet II

mandag 14. april 2008

Eit yrke eg aldri har tenkt på før: Kulemakar



Det er faktisk ein fyr der ute i verda som sit og lagar kuler. Ikkje kva som helst for kuler, men slike til kluestøt.

Mannen heiter Masahisa Tsujitani og kjem frå Japan. Ein mann som sit der og handlagar kuler til folk, der andre bruker maskiner og slik. Det er sikkert ein einsam jobb, men også utruleg artig når nokon vinn med ei slik kule. Faktisk er dei tre siste OL-gulla vunnet med handlaga japanske kuler.

No skal mannen boikotte OL i Kina, noko som han bestemte seg for allereie i november i fjor. Så årets OL-gull blir vunnet med maskinlaga kule.

Forrestan er begge verdsrekordane i kulestøt ganske så gamle etter kvart. Randy Barnes for menn i 1990 og Natalia Lisovskaja frå 1987 for kvinner. Tja, kanskje kan doping ha noko med saka å gjere, men dei var uansett bra, for det har jo vore dopa kulestøtarar seinare også. Som CJ Parker og gjengen.




Dagbladet

fredag 11. april 2008

Start slit



Det er ikkje overraskande Start ein no kan lese om, ein klubb som har fått merke det på pungen.

Grunnen er enkel. Stadion. Denne sørlandest katedral kosta 400 millionar og Start måtte betale 250 av dei.

Problemet er berre at Start etter sølvet ikkje har gjort det så bra. Trenar etter trenar har vore innom, dei er i Vikar-ligaen (Adecco som det vel heiter). Slik eg ser det skal Start slite meir enn mange trur med å komme seg rett opp, trass i at mange lag skal opp. Grunnen er at dei har solgt unna mange spelarar, det er vel berre Hulsker, Høie og Strømstad som er att omtrent frå startoppstillinga på slutten av fjoråret (Aarst er vel skada).

Greitt nok, det var ein del folk på kampen mot Nybergsund, skulle også berre mangle at dei ikkje vann den kampen, men Start er det laget alle vil slå i år. Meir enn Odd og Sandefjord.

Oppi det heile skal dei betale på ein stadion som vart litt dyrare enn planlagt. Alle som les avisa veit då at slike ting gjerne blir litt dyrare enn planlagt, det er byggverdas natur! Og slik må ein ta høgde for.

Så det er ikkje noko unnskylding.

Trøsta får vere at dei har den finaste stadion i 1. div. Det er mange som har hatt den æra, i år går den til Kristiansand. Problemet er at eg ikkje trur dei er i Vikarligaen, dei kjem til å bli der nokre år.


tirsdag 8. april 2008

Det brenn eit gult lys


Så er "fakkel"-"stafetten" i full gang. Og ikkje utan oppstyr, men ein ting er sikkert, sjølv om fakkelen brenn eller ikkje, ei sak får mykje merksemd.

Eg hugsar då ein eller annan kinesisk president-eitt-eller-anna var i Oslo, ein fekk då ikkje gå rundt i byen med gule klede, det var eit symbol for Tibet-saka. No er det ei ildkule som går gjennom Europa, på veg til Kina.

No er det i og for seg ikkje så viktig lenger om den fakkelen brenn eller ikkje, det som har vore grunnen til demonstrasjonane har fått ei pressedekning andre berre kan drøyme om - kanskje meir enn om opninga av OL blir boikotta.

Det heile starta som alle veit med han kisen som kom seg inn på tenninga av fakkelen. Derfrå har det balla på seg, i Aten, i London og no i Paris. I kjølevatnet av alt dette har debatten om ein boikott blussa opp. Boikott blir det ikkje noko av, det er berre å fastslå først som sist, det er uaktuelt. Både frå idrettens-, politikkens- og mi side. Eg skal sjå. Men eg ser ikkje opninga, det har eg heller aldri gjort før, det blir for høgkulturelt...

I sakas kjerne står Tibet. Kinesarane tek livet av folk der og vil gjerne halde på regionen, ein region som ikkje minst om nokre år kjem til å bli ein av dei viktigaste i området. Grunnen til det er at det er kjelda til drikkevatnet for millionar av folk. Og vatn er som kjent viktig.

Og kva har dei gjort for å få blest om saka? Nettopp, du tek noko som alle i verda har eit forhold til, OL-fakkelen. Du får han slukka (det var vel politiet som slukka han til slutt?) Og så er debatten i gang. Denne kjem til å legge eit så stort press på Kina før OL at noko må gjerast.

Gule lys for Tibet

IOC vil som vanleg ikkje gjere noko, det minste dei burde gjere er å forsikre seg om at Tibet får vere i fred under OL. Men pampane i systemet sit på sin særs kvite hest og ser ned. Ein av dei som ser mest ned er Gerhard Heiberg. Som meiner at norske politikarar ikkje har peiling på noko som helst - men det har heldigvis han! Han som kom inn i IOC under den ikkje ukjente Samaranch, idrettsministeren til Franco i Spania...

Og no er saka blitt så stor at alle har fått det med seg. Jens Stoltenberg, Kongen, Gordon Brown, George Bush (!) med fleire. Her er det berre å ringe den som har makta i Kina.

OL-boikott er som sagt ikkje aktuelt, men kva skulle skje om ein utøvar gjer som Milorad Cavic? Då blir det sikkert utestenging og bot. Den sjansen er det sikkert ingen som vil ta, men at det hadde gitt merksemt, det er sikkert.

I Norge har mange utøvarar sagt at dei er berre idrettsfolk, men på ein "mørk himmel" er det ei stjerne som lyser opp, det er Guro Knutsen som allereie før jul sa at ho skulle sette seg inn i saka. Respekt!

Så fortsett med fakkel-slukking. Det kan ha noko for seg. Kanskje det gule Tibet-lyset vil leve lenge på grunn av det!


Dagbladet 1, 2, 3, 4, 5 og så vidare.

onsdag 2. april 2008

Kvinnefotball, meir enn baller?


TV2 viste klipp frå den nye serien om kvinnefotball-eitt-eller-anna som skal komme. På tide at kvinnefotballen får eit løft, dei siste åra har det stort sett berre vore kampar på tv under meisterskap (skulle berre mangle, damene har gjort det bra).

Eg har vore på Føyka og sett Asker og eg har vore på eit par cup-finalar. Ja, om du vil, det er ikkje det same som herrefotball, men det er det vel ikkje nokon som nokon gong har tvilt på? Men det er greitt, Norge er jo eit artig land i så måte, det er kvinnehandballen som har slått til her til lands. Det er dei kvinnelege handballspelarane som er kjent - ikkje herrane. Det første store løftet til herrehandballen har først vore dei siste par åra.

Det var jo også ein stor diskusjon då kvinnecup-finalen vart flytta til Bislett, eg var for flytting, men eg syntes argumentasjonen vart heilt feil. Ein snakka om å redde grasmatta til herrefinalen og slik. Ein burde heller fokusert på at kvinnene kunne lage seg eit arrangement som var meir slik dei ville.

Så gler eg meg til at serien kjem på TV2, då får me sjå kor sexistisk den er. Mest av alt håpar eg det blir seriøst og bra. Og TV2 skal iallefall ha all ære for satsinga på Anita Rapp. Det er jo ein start iallefall.


Favorisering av Rosenborg? II


No har Arild Stavrum fått tyn i mange år frå ulike hold for at han meiner at Rosenborg blir favorisert på Lerkendal. Kva skjedde så på mandag? Rosenborg vann, men burde fått ein mann utvist og straffe imot. Men det skjedde sjølvsagt ikkje.


Det artige er jo at tidlegare Rosenborg-spelar Ståle Stensaas går no ut og seier at det vart omsnakka i Rosenborg-miljøet at dei vart favorisert. Så dei er klar over det, der oppe? Forrestan, det er jo så openlyst at det skal godt gjerast å oversjå dette faktumet.

Stavrum har jo også tidlegare hevda at Rosenborg har blitt tildømt fleire seriegull, nettopp fordi laget er blitt favorisert på Lerkendal. Han skriv til og med om det i boka si, "31 år på gress". I boka blir Molde tildelt straffe mot Rosenborg, og dommaren står perpleks og lurer på kva han eigentleg har gjort.

Me får håpe at det blir ein slutt på denne idiotien. Men eg er redd det ikkje har skjedd for siste gong.