onsdag 30. januar 2008

Vålerengens første

Altså, Vålerenga spelte sin første treningskamp i dag mot Tromsø. Laget som solgte Lars Ivar Strand til nettopp Vif.

Korleis gjekk så den kampen?

Det vart Vålerengas første. Første tap. Eit av mange som kjem til å komme i tida framover. Og som kjem til å føre fram til at Martin Andresen får eit framkomstmiddel som passar best på vinterføre.

Det var sjølvsagt Morten Moldskred som skåra målet, mannen som kunne ha gjort mykje for Aalesund, men forsvann plutseleg. Tromsø kjem til å bli ei hard nøtt i år, dei kjem vel midt på tabellen som vanleg, men kan slå til og vinne mot alle, og tape mot lag som ender på dei siste tre-fire plassane. Og då blir Steinar Nilsen sur som vanleg, og så går det betre etter kvart.

I Vålerenga vil dei rope høgt på tribuna: "Aabrek, Aabrek, Aabek". Men dei får aldri vilja si, styret har lagt for mykje ære i Martin Andressen som trenar.

Det er ikkje det at Martin Andresen ikkje kan klare seg som trenar, det er berre det at det er mange kokkar i Oslo for tida, spikersuppe kan alle lage, men god finnbiff berre dei beste.

tirsdag 29. januar 2008

Ivar Egeberg og Kjell O. Kran

"Se der er det en kran. Det er vel ikke Kjell O.?" Noko slik ordla Jon Herwig Carlsen seg for nokre år sidan under eit verdscuprenn i skiskyting. Det var ei kran i bakgrunnen.

No er Kjell O. i retten som vitne. Ivar Egeberg fekk sparken frå Idrettsforbundet for mange år sidan på grunn av dårleg økonomi. No vil han ha litt løn og rente og dekte saksomkostingar.

Norsk idretts økonomi kan det skrivast mange bøker om, det er alltid eit stridstema, enten for lite i overføring, for få sponsorar eller noko. Ein regel er at ein ikkje burde bruke meir enn ein har. Men det er vel i norsk idrett eit ukjent omgrep.

Fotballklubbane var for nokre år sidan på randen av konkurs. Særforbund har slitt i mange år. Olympiatoppen må kutte. Same leksa om att.

At Egeberg vil ha litt oppreising for måten han måtte gå på er forståeleg. Det var heller ikkje gull og grøne skogar han forlanga, 375 000 pluss renter og saksomkostingar.

No er det sikkert mykje her som eg ikkje kjenner til. Men Egeberg var i Idrettsforbundet på ei tid det IT-bølgja var på topp - og sprakk. Det var vedtatt flytting til Ullevaal Stadion og så bortetter. Han var heller ikkje åleine, og om ein mann skulle kunne greie å ruinere norsk idrett slik ein kan få kjensle av i media, då er det vel organiseringa i norsk idrett som har eit problem. Det vil sjølvsagt ikkje frikjenne Egeberg.

Kven som har rett og kven som ikkje har det får me vel vete i retten. Snart.

Inntil vidare, Kjell O. er ei kran, Egeberg ein restaurant. Eg er svolten.



NA24

fredag 25. januar 2008

Varis igjen

Så smalt det igjen. Men ikkje på standplass. Kaisa Varis er nok ein gong tatt for bruk av doping. EPO som stoffet så fint heiter.

Det er ikkje første gong dette skjer med Varis, ho vart også tatt i 2003.

Det som er synd er at det skjer i skiskyting, ein idrett som har hatt få dopingproblem (nokre austerrikarar og slik, men ikkje dei store a la Ben Johnson). Idretten har brukt mange år på å byggje seg opp til det det er i dag, og det er synd om slike ting skal audeleggje for sporten.

No blir ho sikkert ekskludert frå det gode selskap ei god stund framover, det er like greitt. Ille for ho. Men ei katastrofe for finsk idrett som har prøvd å byggje seg opp etter alle skandalane for nokre år sidan.

Gjer din urett, ta di straff.

Bente Nordby

Takk til Dordi Nordy, ho er vel den einaste av ein generasjon kvinnlege fotballspelarar som er att, det vil seie, no har ho lagt opp ho også.

Ho har vore med i 16 år på landslaget, debuten kom i 1991 som 17-åring. Det året vart ho også Europameister. Seinare alt mogleg, verdsmeister, olympisk meister osb. Ho har spelt saman med folk som Hege Riise, Linda Medalen, Marianne Pettersen (denne lista kan bli lang, ho har vel spelt saman med dei fleste).

Det norske damelandslaga både i fotball og handball har gjort mykje for kvinneidretten i Norge. Frå gjennombrota dei hadde på 1980-talet til i dag at tusenvis av jenter spelar fotball eller handball rundt om i landet. Og Bente Nordby skal ha sin del av æra med eit sympatisk vesen.

Så får me håpe at NRK eller TV2 (som har Anita Rapp som gjer ein god jobb) ser sitt snitt til å få inn litt erfaring her.



Aftenposten sin artikkel om Nordby

onsdag 23. januar 2008

Pølsa og spisevegring

I går gjekk Øystein Pettersen, populært kalt "pølsa" ut og sa at det må bli meir openheit rundt spiseproblematikken i norsk langrenn. Flott.

Og så kjem Åge Skinstad og seier at det ikkje er noko problem i langrennsleiren.

Jasså.

No har det kommet fram ymse i det siste, og med diskusjonen som går rundt Jorunn Sundgot-Borgen kjem det ikkje som noko sjokk at langrennsleiinga kjem med slik. Kanskje er det bra, kva veit vel eg, eg er ikkje på noko landslag. Men det kan sikkert alltid bli betre. Det meste her i verda kan bli betre...

Det Skinstad kunne ha sagt er at det jobbast kontinuerleg med å betre alle rutinar på alt mogleg rart, og når det kjem frå ein utøvar sjølv at det ikkje er bra nok, så burde Skinstad ane at Pettersen veit noko han ikkje veit.

Kanskje utøvarane snakkar seg imellom utan at Skinstad veit det? Og Skinstad trur alt er i den skjønaste orden?

Snakk med kvarandre!

Uro i Kenya, Wesly Ngetich drept

Du har kanskje ikkje høyrt om Wesly Ngetich før? Ikkje eg heller.

Den 27. desember var det val i Kenya og Mwai Kibaki har blitt anklaga for valfusk. Etter det har det vore store kampar i landet.

Men etter det VG skriv er ikkje drapet direkte forbundet med den politiske uroa i landet. Nhetich vart truffet med pil (VG skriv at han vart drept med pil og bue, det blir vel som å bli drept av kule og gevær, det var vel pila som drap). Dette skulle vært eit hevnoppgjer mellom to stridane etniske grupper.

Som følgje av drapet blir fleire idrettsarrangement avlyst, politiet kan heller ikkje garantere for sikkerheita rundt arrangementa.

Ngetich hadde 150 kyr, men sa tidlegare i månaden at han måtte ha 1000 for å bli rekna som "stor" i landsbyen han kom frå.

Han etterlot seg kone og tre born.



VGs artikkel om Wesly Ngetich

søndag 20. januar 2008

Fordummande om språk og hopp

Så Lars Bystøl kom ikkje til eit norgescuprenn i hopp. Synd, det er ikkje det du vil gjere om du er olympisk meister.

Og så skriv han til Dagbladet. Frå Dagbladet: "- Eg er i Trondheim og trener eg, skriver Bystøl i en tekstmelding til Dagbladet.no."

Han skriv ei tekstmelding på nynorsk til Dagbladet, som på framsida på nettet blir til: "- Jeg er i Trondheim og trener, jeg".

Trur journalisten/Dagbladet at det norske folk er så dum at dei ikkje skjønar ei setning på nynorsk, sjølv om me som er interessert i sport ikkje har så mykje i toppen som resten? Sjølv kjenner eg idrettsinteresserte folk med doktorgrad...

Kva er vitsen med å omsette frå nynorsk til bokmål noko som Bystøl sender skriv i ein SMS?

Eller burde Dagbladet lage ei eiga Dagbladet for dummes-versjon? Nei, vent, det er jo slik det er allereie.

fredag 18. januar 2008

Handball-VM. Litt historie.

Så er det VM i handball. For menn. Det er ein av dei få sportane at ein i Norge må presisere at er for menn. Det er jo damelaget som står som den store gallionsfiguren i norsk handball. Og slik får det bli for min del!


Ein handballspelar


Handball stammar frå antikkens spel urania eller harpastum i Romerriket. Spelet slik vi kjenner det i dag utvikla seg i det 19. og 20. århunderet og vart til sportar som korgball, handball og nettball.

Det første regelverket var det Holger Nielsen, den kjente dansken som laga i 1906. Holger Nielsen er kanskje meir kjent som mannen som gav namn til radio-programmet Holger Nielsens metode (livreddingsmetode). Då kunne ein halde ballen i berre tre sekund og det var ikkje lov å løpe med ballen.

Men handballens bursdag reknast ofte til å vere den 29. oktober 1917. Då vart målball, eit tysk damespel med reglar frå 1915, omdøypt til handball. Frå no gjekk utviklinga fort og etter kvart fekk ein lov å løpe med ballen.

Den første landskampen i hanball var mellom Tyskland og Austerrike den 13. september 1925. Austerrikarne vann 6-3! I 1928 var handball også olympisk sport for første gong. I OL i Berlin i 1936 var det arrangert utehandball for første gong. Over 100 000 kom for å sjå finalen, noko som den dag i dag er rekord for ein handballkamp - ute eller inne.

Ein av grunnane til at hallhandball har blitt så stort i Skandinavia, ikkje berre i Norge, Sverige og Danmark, men også på Island, har mykje å gjere med klimatiske forhold. Hallane treng heller ikkje å vere like store som fotballhallar og dei er overalt i Norge.

tirsdag 15. januar 2008

Sundgot-Borgen

Har tidlegare skrevet om spiseforstyrringar i norsk idrett. I helga kulminerte det igjen, Jorunn Sundgot-Borgen sa opp jobben i Olympiatoppen.

Det fekk fart på sakene! Tove Paule, idrettspresidenten med eit frynsete rykte, eit rykte ho må gjere noko med, og her fekk ho saka som kunne framstille ho positivt, var ute og sa at Sundgot-Borgen måtte få att jobben.

Trond Giske, nestsjefen i kulturlivet (etter Asgeir Borgemoen, sjefen over alle sjefar), var ute og sa at her må noko gjerast.

Jarle Aambø, leiaren i Olympiatoppen var ute og sa at prosessen kunne vore gjort betre og at han tok sjølvkritikk på det. Det artige her er jo at han ikkje sa noko om at resultatet (altså sparkinga av Sundgot-Borgen var feil, det var berre prosessen) var feil. Ja, og attpåtil skulle det komme gryn i kassa! Rundt tre millionar (etter litt nøling). Det trengs.

Om Sundgot-Borgen har rett i at det kan gå liv om ikkje kampen mot vegring får eit løft, då har det gått for langt. Eit OL-gull er ikkje mykje verdt i forhold til dette.

I så tilfelle kan eg referere til ei amerikansk undersøking. Dei fekk spørsmålet om kva dei ville velge, å leve til dei vart nitti, eller bli olympisk meister (om naudsynt med doping, men det vart aldri oppdaga) og døy når dei vart 40. Nærare 50% svarte OL-gull!

Lars Berger, men berger han norsk langrenn?

Personleg er eg ein større fan av skiskyting enn av langrenn. I skiskyting veit ein ikkje utfallet før tidlegast etter siste skyting. Langrenn er ikkje alltid slik (med unntak som Charlotte Kalla, Petter Nortug og slik).

Men om Lars Berger skulle velge langrenn forstår eg det valet. Han er for tida ikkje god nok for det norske landslaget med børsa på ryggen, men han er god i fristil og vart verdsmeister i fjor - i langrenn.

Så kvifor ikkje prøve noko nytt? Det verste er at han går rett inn på laget, og kjem til å vere ein av dei beste. Kven er det som er betre enn Lars Berger i friteknikk på herrelandslaget i langrenn?

Det kan vere fleire, men i så fann synar dei det ikkje...

Så, om han kjem i skuddet igjen kan han sikkert gå skiskyting snart.

mandag 14. januar 2008

FC Terek Groznij

Aldri høyrt om klubben? Kanskje ikkje så rart.

Terek er frå Groznij, hovudstaden i Tsjetsjenia. Byen som er bomba sønder og saman av russarane, konflikta skal eg la ligge i fred.

Klubben vart grunnlagt rett etter 2. verdskrig i 1946 under namnet Dinamo. I 1948 skifta namnet til Neftjanik før Terek vart namnet i 1959. Klubben er for russarane i Tsjetsjenia.

På 1990-talet forsvann klubben nokre år frå systemet, før den dukka opp att i 2001. Då var det ikkje mogleg å spele på det gamle stadionanlegget i Groznij, så klubben starta å spele i byen Pjatigorsk, medan kampar mot europeiske lag må spelast i Moskva. Dei vann cupen i 2004 og fekk difor spele UEFA-cup (gjekk ut i andre kvalikrunde).


Uvays Akhtayev Stadion


Dei to siste åra har Terek spelt i nest øvste divisjon i den russiske serien. I 2005 hadde dei eit gjesteopphald i den øvste divisjonen og fekk ete kirsebær med Zenith, Dinamo, Spartak og dei hine.

Spanande, treff, treff, treff, treff, treff

Ja! Ja! Ja! Ja! Ja!

Ja! Ja! Ja! Ja! Ja!

Ja! Ja! Ja! Ja! Ja!

Ja! Ja! Ja! Ja! Ja!

Dette er skytinga til Solveig Rogstad i helga. Fantastisk, sjølv om ho ikkje var best i sportet, det er heile greia med skiskyting, ein skal ha kombinasjonen mellom det å vere god i sporet og god på standplass. Å vere best i det eine hjelp ikkje om du er dårlegast i det andre. Då kan du heller gå langrenn eller skyting.

Ei smilande og oppegåande dame, denne Rogstad. Svarte godt for seg etter rennet, og det hjelp på. Fortsett ho slik så blir ho ein sponsor-yndling. Slik går ho i skoa til mange andre skiskytarar. Det har vore mange av dei.

Om du framleis ikkje har forstått det. 20 gongar ja er det eg satt og sa då Rogstad traff på 20 av 20 moglege.

fredag 11. januar 2008

Opp og ned i Start

Start har fått inn ein dvd på to timar om ein amerikanar med namn Clarence Goodson. No er han med det amerikanske landslaget som ifølgje Start er eit kvalitetsteikn. Ja, for i januar så er alle landslag ute med alle sine beste spelarar, eller vent - dei fleste landslaga no til dags tek ut dei merkelegaste spelarane for å få testa dei. Sjå på kva Norge har tatt ut dei siste åra, eller Sverige (som no er på tur).

Scoop kallar dei det. Ser korleis det gjekk med Ygor. Han er i dag klar for Fluminese. Kva var det han gjorde i Start?

Men alle klubbane har hatt sine scoop, frå Pascal Simpson i Vålerenga til Henrik Berger i Molde (som ikkje kom på banen ein einaste gong) og lista er lang som eit vondt år.

Men det er trygt å vete at Start har sett han to timar på ein dvd. Det er vel den filmen i seg sjølv som er eit scoop?




I Aftenposten står der at lese

Erik Hoftun tok seg til rette

Erik Hoftun, mannen mange trur vart oppdaga av Rosenborg, gjer ting på sin måte i Bodø. Type, denne Hoftun.

Hoftun skåra faktisk fire mål i ein og same kamp ein gong. Det har ikkje Gjøran Sørloth gjort nokon gong! For Molde mot Lyn. Hoftun vart kjøpt av Molde frå Kyrksæterøra idrettslag/Hemne (meir kjent som Kil/Hemne, men artig namn). Han spelte solid for Molde og gjekk seinare til Rosenborg der han har blitt rekna som Rosenborgspelar.

Som med Roar Strand har eg aldri forstått at dei to, som begge har vore i Molde, hatklubben til Rosenborg, kan få stempel som Mr. Rosenborg og liknande. Men kanskje det er eg som tek feil?

Så var han i Bodø/Glimt som spelande sportsdirektør. Der fekk han i alle fall behalde dir-tittelen sin... Det er rart at bodøværingan lot han få fortsette i direktørstillinga si etter at han vart klar for direktørstilling i Rosenborg. Som no er endra til leiar. Mange kokkar, mykje søl.

I IKEA er det slik at om ein får seg jobb i eit konkurrerande selskap er ikkje svenskane lenger interesserte i å halde deg. Då kan du like gjerne slutte. Og Hoftun sit no på all informasjon i Bodø. Kva om Rosenborg vil kjøpe ein Glimt-spelar? Hoftun veit alt.

Og no har han gitt Thiago Martins lang ferie. Så blir ikkje Bodø/Glimt like god håpar vel Hoftun, for Hoftun har vel også innsett at Rosenborg må konkurrere med Glimt om den same plassen på tabellen. Eller for å unngå den plassen er vel betre å seie?

torsdag 10. januar 2008

Harry-tur

Det svenske landslaget i fotball skulle ein tur til Costa Rica, dei fleste kom seg fra, men utruleg nok greide tre å bli att på flyplassen i Houston. Samuel Holmén, Johan Wiland og Stefan Ishizaki kom seg rett og slett ikkje med flyet vidare! Haha.

Då var det verre med Behrang Safari som spelar på Malmö. Han fekk problem fordi han er av iransk opphav. Her er det også idioti ute og går, men frå USA sjølve. Ein svensk landslagsspelar som ikkje kjem seg forbi Houston. Men han stiller i klasse med Cat Stevens, og det er ikkje så ille...




Etter kartet burde ikkje Houston vere det store problemet å finne fram i


God betring, USA. God tur, Behrang Safari.

Dagbladets artikkel

onsdag 9. januar 2008

Anne Margrethe Hausken skiftar klubb

Anne Margrethe Hausken er kanskje ikkje den ein høyrer mest om i media. (Om nokre år vil det endre seg, kvar veke har dei orienteringsspørsmål i sportsbilaget i Dagbladet, då blir ho ein gjengangar.)

No skal ho bytte klubb frå Bækkelaget til Halden. Ikkje at det bryr meg stort, orientering er ikkje den idretten eg ser mest på tv. Eller les mest om.

Men orientering er på mange måtar blitt ein iq-eliteidrett i Norge. Ja, faktisk.

Landslaga senior:
Marianne Andersen, siv.ing. (Geomatikk)
Mari Fasting, student
Anne Margrethe Hausken, cand.pharm. (farmasøyt)
Ingunn Hultgreen Weltzien, student
Holger Hott, siv.ing.
John Are Myhren, siv.ing.
Audun Hultgreen Weltzien, student
Øystein Kvaal Østerbø, student
Anders Nordberg, siviløkonom
Olav Lundanes (vidaregåande skule)

Eg trur dette kan ha fleire årsakar, sjølv om eg ikkje skal vere bastant her. Den eine grunnen er miljøet, Ntnui har alltid hatt eit miljø for orientering og har sikkert dratt inn mange flinke folk. Ein annan grunn er nok at det er ein idrett der ein må ha med seg hovudet, ein skal lese kart og berekne alt mogleg hit og dit. Det er også ein idrett der du i stor grad er overlatt til deg sjølv (du gjer alle vurderingane åleine ute i løpet).

No er det ikkje så sagt at andre idrettar ikkje er for flinke folk, langt derifrå.

Hausken er også leiar for utøvarkomiteen i Olympiatoppen.

Uansett, lukke til i Halden.


Aftenpostens artikkel om Hausken

tirsdag 8. januar 2008

Mika Konjonkoski

Det er meg rivande likegyldig kor Mika Kojonkoski bur så lenge det hoppast langt.

Sjå kva han har fått til før om åra med det same opplegget som no, det har gått bra. I år har det ikkje gått fullt så bra, men ein skal ikkje gløyme at det stod nok ein norsk hoppar på pallen i siste renn. Anders Bardal er ein av mange som har gjort det bra og kommet fram under Konjonkoskis leiing i Norge. Anders Jacobsen ein annan. Treng ein seie meir?

Men det har alltid gått opp og ned for norske hopparar. Det er ikkje noko nytt. Espen Bredesen er sjølv eit døme på det å komme sist for så å bli olympisk meister året etter.

Når det er sagt så er Bredesen i sin fulle rett i å synse i den jobben han har. Det er jo litt ekspertkommentatorsk å kritisere litt hit og dit. Sjå på Karl Petter Løken i NRK som gjer det same. Eller Thomas Alsgård for tida. Det er jo nettopp difor ein har presse, for å kunne kritisere makta. Makta her er representert ved Mika Kojonkoski.

Om han har rett er ei anna sak.



http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=515153

mandag 7. januar 2008

Tour de Ski, kolla Kalla!

Så er denne biten over, og eg må seie at Charlotte Kalla har imponert meg. Først i mål på slutten, over ein million svenske kronor rikare, mange hundre verdscuppoeng meir.

Det er bra med slike arrangement som Tour de Ski, det skaper litt liv og er god fjernsynsunderhaldning. Og den beste allrounderen vann til slutt, ei svensk jente som såvidt har passert 20. Gratulerer!

Og nordmennene gjorde seg vekk, greitt nok. Marit Bjørgen stakk tidleg heim, Vibeke Skofterud har me ikkje høyrd om sidan første rennet. Therese Johaug og Kristin Størmer Stiera kom på slutten. Den som var best igjen var Astrid Jacobsen, takk.

På herresida var det litt betre, Tord Asle Gjerdalen kom som eit friskt pust inn frå sida og vart beste nordmann. Mannen som prøver å gjere gamle solbriller in igjen. Om han lukkast får me sjå, men det er nok skjegget og sjåglasa han blir hugsa for, i tillegg til ein bitter fjerde plass.

Så etter ein slik suksess, kva skjer? Jau, ikkje før touren er over så vil ikkje dei norske vere med til neste år igjen. Får håpe at touren ikkje får eit evig c-stempel etter VM og OL og at det er noko folk kan gjere dei åra det ikkje er andre meisterskap. Om alle dei beste er med i Tour de Ski har også alle likt utgangspunkt for OL og VM, men slik tenkjer me ikkje i Norge.

I hopp er alle med heile tida, hoppveka og alt. I sykkel kan dei tråkke rundt i Frankrike i tre veker utan å klage. Kvifor ikkje i langrenn?

Men Charlotte Kalla viser ei glede med å vinne som få i Norge gjer etter ho. Det er difor eg heia på Sverige i går.

Lars Hirschfeld ut av rekkja gå

Så er det spikra, Lars Hirschfeld er vekke frå Rosenborg. Men det er då vanleg no til dags, er det ikkje?

fredag 4. januar 2008

Takk, Frode Estil og Anders Aukland

Så skjer det igjen. Ein utlending går fort på ski. Nordmenn seier han er dopa. Jens Arne Svartedal meinte at han sjølv vann klassen for "human beings", underforstått at Lukáš Bauer (lang a og sj-lyd i Lukáš).

Det er her Frode Estil og Anders Aukland kjem inn og endeleg seier noko. Det har eg venta lenge på frå nordmenn. Nei, han må ikkje vere dopa sjølv om han er betre enn nordmenn. Kva med tre-mila til Thomas Alsgård på Lillehammer? Johan Olav Koss på Lillehammer? Bjørn Dæhlie på Lillehammer? Dei vart aldri tatt for doping. Kvifor ikkje Bauer?

Det må ikkje bli slik i norsk idrett at berre nordmenn skal kunne gå fri. Frå før har vi jo norske skandalar også, men då var nordmenn berre ute etter frikjenning. Anita Valen, Stian Grimset, Friz Aanes, Trine Solberg Hattestad med fleire. Kvifor gjekk ingen ut og forlanga at dei skulle utestengast på livstid? Fordi nordmenn ikkje dopar seg. Punktum.



http://www.dagbladet.no/sport/2008/01/03/522829.html

Eggen, Hoftun, Hamrèn, Henriksen - det er Rosenborg igjen

Så - ikkje lenge etter at Eggen Jr vart sjuk kom det spelarar til Lerkendal. Mellom anna John Pelu (som eg trur blir ein skuffelse).

Det er også klart at Erik Hoftun skal vere med å trene laget. No er det jo slik at ein slit ut folk på brakka, brakkesjuka, då er det vel greit å gje enno fleire oppgåver til Hoftun og prøve å få han sjukemeldt også...

Og så dårleg står det til i Trondhjæm at folk må gjere come back. Bjørn Tore Kvarme som hadde lagt opp, legg no ned. Han skal spele eit år til. Frå før har Roar Strand gjort det same. Får me sjå forsvaret til Rosenborg med: Strand (38 år), Kvarme (36 år), Hoftun (39 år) og Basma (36 år)?

Og ingen veit kor tid Eggen er tilbake, men eg meiner at eg las at han skal bli med til La Manga! Slik er det å vere sjukemeldt i Trondheim.

onsdag 2. januar 2008

Og i dag gjekk Johaug seg opp. Men kor vart det av Bjørgen?

Nei, sanneleg min hatt. Johaug fekk vel med seg det Bjørgen sa og gjekk seg kraftig opp i dag. Astird Jacobsen gjekk på det jamne. Og Marit Bjørgen vart nr. 20, 1.10 bak vinnaren.

Kanskje ho snart skal fortel seg sjølv at ho må gå betre. Og - vips - går det troll i ord.

Og for dei som ikkje har fått det med seg, og som kanskje kan ha glede av det: På herre-sida finn me på plass 62 Peter Larsson og på plass 63 Björn Lind. Det er dei to siste.

Bjørgen klagar, men gjer det ikkje betre sjølv

Marit Bjørgen har gjordt det bra på Tour de Ski - takk og ære. Men så går ho ut og seier at ho er skuffa over resten av det norske laget som ikkje gjer det så bra. Og så? Det som skjer er at ho ikkje gjer det noko betre sjølv i det siste rennet så langt.

Men eg håper at ho snart får fart på sakene igjen. Bakfrå kjem Uhrenholdt Jacobsen med nokre distansar ho er god i. Kristin Størmer Steira kan også gjere det bra i eit par renn. Skofterun likeins. Me får sjå.

Tour de Ski er faktisk ganske artig, har sett litt på det. Langrenn er ikkje det eg ser mest på, ganske lenge har det vore ein traust idrett der den som leiar etter 5 km vinn etter 50 km. No er det nokre unge, oppegåande folk på veg på jentesida.

Og så er det vel snart på tide at gutane også får med seg nokre. Dei greier ikkje å stille fullt lag til Tour de Ski, og det ser ut som at det er berre Odd Bjørn Hjelmeset som kan å lage liv (no som Lars Berger ikkje er med og Stenvold er på hoppveketur.