lørdag 12. juli 2008

ANBEFALING: Ann Kristin Aafedt Flatland


Om du enno ikkje kjenner til Ann Kristin Flatland er det på tide at du får opp auget for ho.

Nok ein gong er det Voss som har gjort sitt for norsk skiskyting. Ja, eg veit, ho har vore med i mange år. Men i år blir det nok ho som slår igjennom av skiskyttarane. I fjor var det Solveig Rogstad, i år blir det ei frå Voss. Og ho går i gode skispor etter Eirik Kvalfoss og Gro Marit Istad. Om eg ikkje hugsar feil var vel også ein annan gamal favoritt frå Voss: Gisle Fenne. Kjent for mellom anna "Fenne spesial" - fem treff på kort tid.

Det eg gler meg til med Flatland er at ho verkar så sympatisk. Ho kan bli ein norsk folkehelt. For vel to år sidan spådde eg at Astrid Jacobsen skulle slå igjennom, eg trur eg får rett ein gong til. Med å slå igjennom med Flatland meiner eg at ho held seg stabil i toppen og vinn eit og anna løp.


Og skulle du ha ei bedrift med litt overskot som treng eit sympatisk anlet: Bruk pengane på å bli Flatlands sponsor. (No veit eg sjølvsagt ikkje om ho treng det, og skulle du gjere det, hugs å oppgjå bloggen her også, eg treng også publisitet.)

Ann Kristin Flatland har også ei bra heimeside, ei av dei beste eg har sett av norske, individuelle idrettsutøvarar: akflatland.no. Og legg merke til at sida er på nynorsk, det er også eit pluss.

fredag 11. juli 2008

Fiasko


Det er nok ein gong ei god stund sidan eg skreiv inn sist. Grunnen er at eg var demotivert av heile den saka med Dagbladet. Eg syns framleis det er bittert at Dagbladet gjer meg beskjed om at - jaja, les det innlegget under...

Men det er mykje som har skjedd sidan sist, ein ting til som demotiverte meg fullstendig. Det var fotball-EM. Feil lag vann.

Eg kan ikkje den dag i dag fatte og begripe at noko med sine fulle fem kan halde med Spania sitt landslag. Ikkje Frankrike heller for den saks skuld.

Det er jo ein gjeng med sleipe, ekle gutter som sikkert fargar rævvhåret for å framstå som kul. Nei, det heile byr meg imot. Kanskje dei skårar fleire mål enn motstandaren, tydelegvis, i og med at dei vann.

Tyskland, det er laget sitt, det. Solid organisert, midtstopparen har skjegg som alle midtstopparar burde ha. Du ser sinnet ligge langt utpå huda til fleire av spelarane.

Problemet er at dei ikkje skåra fleire mål enn Spania i finalen.

Takke meg til, neste EM skal eg atter ein gong halde med Norge om dei kvalifiserar seg. Så heiar eg på England til dei ryk ut. I finalen skal eg fortsatt heie på Tyskland.