torsdag 28. august 2008

Skyt utlendingen, bevar nordmannen


Dette er noko av det mest håplause eg har sett.

Greitt nok, ein hest blir tatt for doping etter at laget hadde gjort ein voldsom prestasjon med å ta medalje i OL.

Men så er me over til det typisk norske:

Ein nordmann dopar seg aldri!

Det er det berre noko dei gjer i utlandet. Då skal ein bli utestengt frå all konkurranse på livstid. Kor er desse dopingmotstandarane no når Norge blir ramma?

Og Norge er langt frå feilfri. Det har vore mange dopingsaker her også, me hugsar vel alle ei sak med Stian Grimseth? Eller Friz Aanes?

Eg er lei av denne haldninga til at nordmenn skal gå fri. Kva er det Tove Paule tenkjer på når ho meiner at dei skal behalde OL-bronsa? Sa ho det same om OL-gullet til det amerikanske stafettlaget etter Marion Jones vart tatt? Eller det finske stafettlaget etter Mika Myllylä?


Meir i VG

mandag 25. august 2008

Kva så med kong Olav?


VG skriv at Katja Nyberg var den første utenlandsfødte som vann gull for Norge i OL.

Dette er kanskje ikkje eit sjakktrekk å skrive om eg vil ha meg jobb i VG, men det er noko eg stussa litt på.

Kong Olav vann gull for Norge i segling i Amsterdam-OL i 1928. Kong Olav vart født i England, det er ikkje Norge såvidt meg bekjent.

Men det kan jo vere enno fleire før han igjen som er født i utlandet og har gull for Norge.



torsdag 7. august 2008

Røkke og Molde


Dagbladet skriv at Røkke har svidd av ein del gryn på Molde. Og så har dei undertittelen: Dårlig invistering for Røkke.

Nei, han har hatt det mykje artig med fotballen, og det har ikkje vore så ille for oss Molde-tilhengarar å vere i toppen heller.

Journalisten skriv også at "Røkke spyttet inn 100 millioner kroner til Aker Stadion, som på folkemunne nå kalles Røkke-løkka, i 1998."

Det folkemunnet er i TV2-studio og i munnen på alle som gjerne ville ha hatt eit stadionanlegg like bra som det er i Molde.

Framleis finaste stadion i landet.

Legg også merke til at Dagbladet køyrer saka under kjendis - ikkje under økonomi eller sport som ein skulle tru var mest aktuelt...

Olympiske leikar i Kina


Så er me i gang igjen. OL er over oss, sjølv om opninga ikkje er før i morgon så er leiken i gang.

Norge imponerte i tre minutt mot USA i fotball. Meir trong ein ikkje for å vinne. Det kan bli ekstremt mange norske OL-vinnarar.

Min spådom er gull til handballjentene og fotballjentene. Ja, faktisk, det trur eg kan skje. Begge lag har erfaring frå internasjonale meisterskap. Fotballjentene har bra erfaringar med å spele i dei tidssonane som er der borte (VM-gull i Kina og OL-gull i Sidney). Handballjentene er berre bra!

Så er det Torkildsen, mannen frå det blide Sørlandet som kan vinne gull.

Det siste gullet kjem i skyting. Men kven som vinn skytinga der ikkje viktig.

Det er også litt synd det med skyting, du blir ikkje folkehelt med børsa i handa. Harald Stenvaag, som eg har skrevet om før, har vore med i eit utal av OL, men aldri blitt kjent. Men når Pål Trulsen kan bli kjent, mannen frå ein marginal idrett, så kan vel andre bli det. Sett at ein har Trulsens utstråling vel og merke.

Så no blir det eit par veker med tv.

Livet er av og til ikkje så ille.