fredag 28. desember 2007

I ferien har det skjedd litt - men ikkje mykje

Så har Rosenborg fått seg trenar. Ein svenske som bur i Danmark og som ikkje har bevist ein ting. Men så er det haka ved saka, han kjem ikkje før til sommaren. Lat meg gjette. Trond Henriksen trenar Rosenborg fram til serieleiing. Så kjem den nye og Rosenborg blir nr. 5. Unnskyldinga er: Jag har inte fått satt mitt eget lag, ennu. Så får han sparken etter sesongen og Trond Henriksen får jobben permanent til han blir sparka nokre månader seinare.

Så har Rosenborg fått tak i Rune Jarstein, eit god kjøp, men kva skal dei med han? Dei har jo Lars Hirschfeld som står bra.

Så har Rosenborg fått tak i John Pelu. Mannen som spelte ein halv vanvittig bra og ein halv bra sesong for Kongsvinger. Heilt til Molde fekk problem med Pelu, så gjorde Molde eit bytte, Rindarøy ut og ein gamal ringrev inn, Øyvind Gjerde. Og det var det - Pelu vart tatt lurven av. Det var ikkje mykje som skulle til for å stoppe han, det er forskjell på å spele bra mot Mandalskam enn mot Brann.

Eg er framleis ikkje skremt av Rosenborg.

Men julenissa skremte i år. Det var eg som var nisse!

fredag 21. desember 2007

Spisevegring i idretten

Eg er ikkje ute etter å finne ut kven som har vore omdiskutert i media i det siste og som gjekk på ein smell tidlegare i år.

Ein ting er sikkert, det er bra at det kjem opp i dagen og at folk ser kva som skjer. Det er synd om folk blir audelagt på grunn av ein slik ting, ikkje berre som idrettsutøvar, men mest av alt som menneskje.

Folk har ulike kroppsbyggingar, det er det ikkje å komme vekk frå. Tidlegare i veka gjekk Vibeke Skofterud ut på tv og fortalte om sine problem. Ho åt for mykje så ho. I dag var det Marthe Katrine Myhre som var på tv. Ho har hatt problem i mange år.

Eg håpar inderleg at dei får den oppfølginga dei treng. Og så håpar eg at kommande idrettsutøvarar slepp desse problema.

Marius Bakken

All ære til Marius Bakken!

Den mannen har gjort mykje bra, han har gått opp sin eigen sti, til irritasjon for mange, til glede for oss andre. Han som slutta å tøye ut fordi han meinte det var tull. Han som bygde sitt eige høgdehus på hybelen på Kringsjå.

Men det har funka, han har vore av Norges beste langdistanseløparar. Han har alltid hatt interessante svar til media, men måtte til slutt legge opp. No blir det visstnok medisinstudiar og nedtrening.

Sjølv hugsar eg Bakken best frå ein gong eg gjekk rundt Songsvatnet i Oslo. Aldri har eg sett nokon komme så fort som han.



http://www.nettavisen.no/sport/article1506175.ece

torsdag 20. desember 2007

Laurdagskamp i Eliteserien?

Nei, det vil me ikkje ha.

Søndag er fotballdagen i Norge. Slik bør det forbli.

Spelarane vil ikkje ha det, det kan eg forstå. Men no er det ein gong slik at dei får løn fordi folk faktisk er interessert i det dei driv på med. Om publikumstilstruaminga går ned og tv-inntektene går same vegen må dei også godta lågare løn. Det er gjennom interesse at fotballen på toppnivå lever livet.

Og folk må ikkje bli fotballspelarar... Det er noko ein veit når ein tek valet om å ta det yrket. Og om spelarar ikkje skjønar at det er ein samanheng mellom interesse, løn og tilgang burde dei tenkje seg om ein gong til.

Korleis ville det bli om skodespelarane berre vil stå på scena mellom 08 og 16? Ingen vil komme utanom skuleklassar. Dei vil miste jobben. Kva for eit val vil du då ta?

Det same gjeld for fotballspelarar.



http://fotball.adressa.no/eliteserien/article96792.ece

Hysj! Dette er om Rosenborg igjen

I Rosenborg får ein ikkje lenger snakke. Dei har livslang tausheitsplikt. Men det artige med saka er at Nils Skutle, mannen som ikkje har vore sjukmeldt i Rosenborg, seier til Dagbladet: "- Jeg er helt sikker på at dette kommer til å bli normalen i norske klubber om få år. Rosenborg har ofte vært ledende i utviklingsarbeid, og mye av det vi har gjort, har andre sett verdien av etterpå."

Dette er artig, berre fordi Rosenborg gjer ting først skal andre norske klubbar gjere det seinare. Og i kraft av dette er det bra. Snakke om smør.



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/20/521770.html

onsdag 19. desember 2007

Ny trenar som får trene Rosenborg i 8 månader?

Denne gongen er det ein svenske. Som er trenar i Danmark. Mannen heiter Erik Hamrèn, du treng ikkje legge merke til namnet om du ikkje er interessert i anna enn statistikk.

No er det slik at Rosenborg ikkje har hatt trenar på ei stund. Og som det vart stilt spørsmål om her ein dag: Rosenborgs løysing på problem er som regel å sparke trenaren, kva skal dei gjere no som dei ikkje har ein trenar å sparke?

Svaret er openbart: Tilsett ein trenar som du kan sparke.

Og ser me på det mannen har gjort, finn me: Han har trent klubbane Sundsvall, Enköping, Väsby, Brommapojkerna, Vasalund, Degerfors, AIK (Allmänna Idrottsklubben), Örgryte og no Aalborg. Han har blitt nr. tre og fire i Allsvenskan og vunnet den svenske cupen tre gonger.

Og Rosenborg seier dei vil velge frå øverste hylle. Eg ler.



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/18/521638.html

tirsdag 18. desember 2007

Soga om Dede Anderson

Veldig artig med ein brasilianar som ikkje vil tilbake til Ålesund. Neivel, det er vel mange slike her i verda som ikkje vil til den byen.

Ålesund, verdsbyen som har blitt forbigått av ein liten naboby, Molde. For første gong i historia var fotballaget i Ålesund betre, men det er vel det. Molde har større festivalar - jazz og litteraturfestival. Ålesund har vel ein liten matfestiva.

Ålesund har meir folk, men kor har det blitt av ålesundingar med innflytelse? Slike som Røkke og Bondevik frå Molde?

Ålesund har blitt forbigått av Molde i antal kurs- og konferansedøgn.

Men ein ting har dei i Ålesund som dei ikkje har i Molde: Ei statue av John Arne Riise. Hurra for den...

Og korkje Molde eller Ålesund har Dede Anderson.

Rosenborg. Igjen...

Så er det jr. som er blitt sjuk. Det tek hardt på å vere i Trondheim. Ikkje får dei nye spelarar, ikkje ny trenar. Dei spelarane som er der stikk av. Og folk blir brakke-sjuk heile tida.

Frå før var jo Rune Bratseth sjuk, no luskar han rundt mot betaling. Og Knut Torbjørn Eggen, han har luska rundt i eit halvt år før han vart sjuk. Det må vere noko som går.

Meldeplikt

Så er diskusjonen her igjen, den danske syklisten, Michael Rasmussen anklagar Thor Hushovd for å ha to advarslar fro brot på meldeplikta.

Denne meldeplikta er rare greier, ein må heile tida seie frå om kor ein er. Skal ein ikkje få lov å ta seg ein spontan tur ein eller annan plass fordi ein er toppidrettsutøvar? Det er etter mi meining å gå langt forbi det som er etisk. Men så er vel den plikta slik at ein skal melde frå om dei neste 24 timane eller noko slik. No kjenner ikkje eg dopingens viderverdigheiter, men kor mykje doping kan ein ta på 24 timar som så forsvinn ut av kroppen innan den tida er gått?

Men eg forsvarar rein idrett, og for å få til dette ser eg at meldeplikt kan vere naudsynt. I det siste har det vore store skandalar i USA innan ulike lagidrettar. Slik vil eg helst ikkje ha det, difor er eg for meldeplikt, trass i at eg er mot denne inngripen i livet til folk.

For sjå på det. Kor langt ned på resultatliste på 100 meter i Seoul må du for å finne ein rein utøvar i 1988? Ben Johnson, Carl Lewis, alle vart vel tatt på eit eller anna tidspunkt?

Kva med ein regel som seier at om du blir tatt for doping mister du alle medaljane du har vunnet dei siste fem åra? Det er straff som svir.



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/18/521555.html

mandag 17. desember 2007

Skal ingen gå ned frå Eliteserien?

Det er håplaust om ingen skal kunne rykke ned neste år frå Eliteserien i fotball. Skal det vere konkurranse utan tapar, berre vinnaren står att?

Eg meiner at eit lag skal rykke direkte ned og eit lag til må spele kvalifisering. Tre lag går direkte opp og nr. 4 i 1. div. spelar mot det laget som ender nest sist i Eliteserien. Folk må ha noko å vere redde for.

Eller som Dag Solstad så greitt sa det: Mange snakkar om spøkelse, men eg veit kva eit spøkelse er. Eg har levd med nedrykksspøkelset i over 30 år. (Heilt sikkert ikkje rett sitert, men innhaldet er som det skal vere).

Nokon må ned. Måtte det bli Rosenborg!

Astrid Jacobsen var i Russland i helga, og det gjekk bra

Astrid Jacobsen tok sin første verdscupsiger i helga. Endeleg. No blir det sikkert mange framover, ei barriære er brutt.

Må også gratulere Emil Hegle Svendsen som gjorde det forrige helg og Tora Berger som var for nokre veker sidan.

Men min favoritt er Astrid Uhrenholdt Jacobsen. Blid og positiv. Saman med Kristin Størmer Steira av den oppfatninga at er det ikkje artig, då kan eg finne på noko anna slik at det blir artig igjen.

Jacobsen har ikkje lovt det norske folk at ho skal gå på ski til all æve. Ho må få gjere som ho vil, eg ser ikkje noko grunn til at ho skal gå til ho blir 40 berre for å gjere det, ho må ville det sjølv.

Men no for tida er det sikkert artig. Og gul trøye gjennom heile Tour de ski.

Ny England-trenar. Ein ny utlending syng a Capello

Noja, det er vel av dei verste ordspela eg har hatt, men lat gå.

Ein fordel hadde Svennis, han snakka iallefall engelsk. Det er ikkje bra når den nye trenaren til England ikkje kan språket, men til gjengjeld får dei ein god trenar. Ein som kjem til å lukkast, han har respekt og kunnskap. Men han har aldri trent eit landslag før, ikkje som eg hugsar i farta.

Så det skal bli artig å sjå.

Sølv til jentene - Gratulerer!

Flott å spele seg fram til finale i eit verdsmeisterskap. Og sjølv om dei tapte finalen så gjorde dei seg ikkje vekk. Det er mange unge spelarar på det laget som Norge kjem til å ha stor glede av i framtida.

Så gratulerer, eg gler meg allereie til neste meisterskap.

Fagermo til Odd, eit godt val, men kva tenkjer Godset på?

Så er det klart at Dag-Eilev Fagermo går til Odd Grenland. Når så skulle skje at dei sparka dei som var og Flindt-Bjerg ikkje fekk fortsette, ser eg på dette som ei bra løysing.

Fagermo har erfaring med å spele i 1. div, han greidde også å halde Godset i Eliteserien, dog med ein drøss av gamlisar.

Det er Ronny Deila som tek over Godset til ein ny trenar er på plass. Eg trur dei skal slite med å finne ein trenar og Ronny Deila blir nok fast inventar i Drammen. Men ein kan aldri vete.



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/17/521455.html

fredag 14. desember 2007

Inter-drakt til besvær

Det er ikkje alle som har sansen for den alternative julileumsdrakta til Inter Milan. Den har eit raudt kryss på brystet og no er det ein tyrkar som går til retten fordi den minner han om korstoga for 800 år sidan. Som om han hugsar det...

Det er ikkje første gongen drakter er til besvær for nokon. Var det ikkje Buffon, den italienske målvakta som fekk så mykje peppar for at han hadde nr. 88 på ho? Det skulle symbolisere fire nullar, men det han ikkje hadde tenkt på er at 88 er også kjent som HH som er kjent som Heinrich Himmler. Same som at 18 er kjent som Adolf Hitler. Ikkje heldig.

Men det med korstoga er berre tull. Skulle eg bli arg fordi eit anna lag har drakter som minner meg om eit eller anna?

Eg hatar Barcelona fordi dei ser ut som fengselsfuglar...



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/14/521199.html

Raritet: Kurt Mørkøre

Tenkte kanskje å prøve å plukke opp raritetar frå rundt omkring. Dette blir under vignetten "Raritet".

Først ut er Kurt Mørkøre, det kanskje nokon som hugsar han frå tida i Sogndal. Født 20.02.1969. Han spelte på Klaksvik på Færøyene før han kom til Norge, og sjølvsagt for landslaget. I Sogndal skåra han 43 mål på 67 kampar.

Han har tidlegare vore spelande trenar for Eide på Nordmøre før han vart henta tilbake til Færøyene.

No har han blitt henta inn til trenarjobben i Elnesvågen i Romsdal. Laget spelar i 3. div. Kanskje ein dag vil laget gjere det bra.

Elnesvågen har tidlegare blitt trent av Flaco, den gamle midtstopparen i Molde, første spanjol som tok cup-gull i Norge (1994).



http://www.rbnett.no/article/20071212/SPORT/359009959/1005/LOKALNYTT03

onsdag 12. desember 2007

Femmes de Dèfis

Norge er eit traust land. Og no er det VM for kvinner i Frankrike og det er kampar i hytt og gevær på tv2. Eg har det som plomma i egget.

Men eg har prøvd å finne ei skikkeleg side på nettet der ein kan finne ut ting og tang, men det har eg ikkje. Det eg derimot kom innom var heimesida til det franske landslaget, som er å finne under http://www.femmesdedefis.com/ - verdt eit besøk.


VM. Bilete fro femmesdedefis.com


Kvifor har ikkje dei norske folkeheltane noko slik? Mykje informasjon, bilete. Dette gjeld også for herrelandslaget i fotball og fleire til. Alle klubbar har heimeside. Asker sitt damelag har ei bra side, Larvik sitt handballag likeins.

Nokon burde ta i eit tak.

Trond Sollid gjorde det rette

Han sa nei til Rosenborg. No har han venta så lenge med å sjå om Rosenborg går vidare i Champions Leauge, men til slutt vart det nei.

Sollid har gjort ein solid jobb i utlandet, han er den norske trenaren med størst suksess utanfor Norge, utan tvil. Kvifor skal han då tilbake til Europas bakgard for å slite mot lag som Bodø/Glimt?

Så skal det bli artig å sjå kva Rosenborg kan hoste opp no. Det blir vel Eggen jr. som skal prøve å få Rosenborg opp på femte plass i Eliteserien neste år. Med Vidar Davidsen (som vel heller ikkje har bevist noko på toppnivå som trenar?) og Trond Henriksen.

Old-boyslaget frå Trondheim er passè. Men dei kan få ein plutseleg forkjølelse og hoste opp noko ut av det blaa. Dei har jo kronasjen til det.

Så gjekk Vidar Riseth

No har Lillestrøm sikra seg i forsvar. Frode Kippe og Vidar Riseth kan spele annakvar kamp. Når den eine er ute med karantene kan den andre komme inn. Og fortsett det slik som i år kan det gå troll i ord. Frode Kippe hadde 6 gule og 3 raude forrige sesong. Riseth hadde tre gule. I 2006 hadde han 6 gule.

Men som med alt her i verda, det går seg vel til etter kvart. Men Riseth skal slite litt med å få Kanari-fansen til å godta han.

tirsdag 11. desember 2007

Roar Strand - ein klubbspelar?

Roar Strand er ein gamal mann. 37 år.

I dagens Aftenposten skriv Bertil Valderhaug, sunnmøring, at Roar Strand er tidenes norske klubbspelar. Vrøvl!

Valderhaug, som kjem frå Sunnmøre (av og til kan geografi nyttast mot folk, dette er eit slik tilfelle), har sikkert gløymt at Roar Strand spelte i Molde. Spør ein Molde-fan kva klubb som er den store hat-klubben. Svar: Rosenborg.

Og for dei som måtte lure. Spør ein Rosenborg-fan kva klubb som er den stroe hat-klubben. Svar: Molde.

Når ein spelar har spelt i begge klubbane blir han ikkje tidenes klubbspelar i korkje Molde eller Rosenborg. Basta.

Jan Derek Sørensen blir heller ikkje tidenes klubbspelar i korkje Lyn eller Vålerenga, om han skulle spele til han blir 70. Slik er det berre.

Hadde han kalla Strand for tidenes Tippeliga-spelar, det hadde vore noko anna.

Men sunnmøringen har kanskje i alt kaoset gløymt at Molde og Rosenborg har ei over 40 år gamal historie. Aalesund vil så gjerne vere den store konkurrenten til begge. Berre gløym det, det er Hødd, det.




http://fotball.aftenposten.no/kommentar/article96204.ece

Stakkars Raufoss

Så er det klart at Raufoss må ned. Og det verste er at det ikkje er sportslege grunnar som ligg bak, men økonomiske.

Asker sitt damelag har tidlegare blitt degradert. Men det er mykje vanskelegare å komme seg opp att frå 2. divisjon til første for menn enn vegen som Asker hadde. Det har ikkje med nivået å gjere at eg seier det, det er fordi nålauget er trongare.

No er det vel noko sjølvforskuldt at Raufoss må ned. Dei har visst om det lenge at ting må ordnast, og dei har ikkje gjort det. Dei fekk vel også utsett frist og krava vart senka. Men det er trist uansett.

Og kvifor skal Raufoss ha bra tribune? Det er jo ikkje folk på kampane uansett...

Haha, eg kjenner mange Lillestrøm-supporterar!

Og grunnen til at eg skriv det er at Vidar Riseth med stor sansynlegheit går til Lillestrøm. Artig. Og det er vel berre i Molde at Riseth er meir mislikt enn på Åråsen? Ikkje minst etter at han retta finger mot Fugla for nokre år sidan.

Og Lillestrøm satsar stort på ungdommen... I sommar gjorde vel Tom "Bukken" Guldbrandsen comeback i LSK - på rektruttlaget! (Saman med Kenneth Nysæther...)

No er det Vidar Riseth, mannen som alltid blir nemnt som det store hat-objektet når supporterklubbleiarar blir spurt før sesongen om kven dei hatar mest. Jaja, dei om det.



http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=189215

4 4 2

Så er det spikra, fotballbladet 442 blir lagt ned. Siste nr. er i salg no. Dette var trist, det er jo det einaste skikkelege fotballbladet me har i landet. Bladet har hatt ei god blanding av seriøse artiklar og vissvass. Men det er dei lange artiklane som kjem til å stå att, dei som går i djupet.

Tom Stalsberg har gjort ein god jobb som redaktør. Men det er ikkje blitt gjort nok på å spreie den glade bodskapen til folket om bladet. Så når inntekta uteblir, då uteblir til slutt også bladet. Synd, men sant.

Skal me tru Stalsberg, blir det lenge til det kjem eit nytt blad her i landet. Får håpe at han tek grundig feil.

Homo-Brann

Brann bæsja på leggen for ikkje lenge sidan då dei meinte at berre dei var mannfolk, resten var barteluskar eller homofile...

Det er vel ikkje heldig å skrive det slik når ein veit korleis dei norske (mannlege) idrettsmiljøa sitt forhold til homofili er. Det er ikkje bra.

Kor mange norske homofile toppidrettsutøvarar har me? Eg kjem ikkje på nokon. Kvinner har me mange av, mange som er opne homofile. Ei stor ære til dei!

No kan det sjølvsagt ha litt med at fotballen i Norge skal vere så maskulin og homofob at homofile sluttar med fotball før dei når toppen. Eg ber ikkje om at folk skal komme ut av skapet berre for å komme ut av skapet, og eg trur ikkje det skjer på lenge at ein toppidrettsutøvar står fram.

Det er ikkje sikkert nokon gidd å ta støyten no.

Men all ære til den første, den får det tøft. Men vil samtidig lette presset for mange andre som kjem etter.

mandag 10. desember 2007

Skofterud blir diskutert - og får støtte!

Det er faktisk frå idretten sjølv at Vibeke Skofterud får støtte!

Med andre ord positive teikn frå norsk idrett. No vart eg positivt overraska. Jarle Aambø gjekk ut og sa at det var greitt.

Og fråhaldsrøsla var ikkje blid, men dei er aldri blid, så det er greitt...

Stå på.

Takk, Vibeke Skofterud!

Ho er blitt god, Vibeke Skofterud. Etter mange magre år har ho i år tatt steget opp til dei beste i langrenn. Det er bra, Norge treng ei som ho.

Og det beste med Skofterud er at det ser ikkje ut til at ho har tatt skade av Olympiatoppens dill-dall. Ho snakkar frå levera og lever slik ho vil. Ho er støtt og stadig i media, bilete frå ei stjelt datamaskin, mista lappen og så bortetter.

Den siste greina i stammen er at ho drakk seg full kvelden før eit løp. Takk! Det viser at toppidrettsfolk kan vere som andre, dei også. Frå før har jo Kristin Størmer Steira fått peppar for at ho tek seg eit glas vin og hoppar over ei trening i ny og ne... Ja, og så? Om det er det som skal til for at ha skal ha det bra, så syns eg ho skal få lov til det.

No har damelandslaget det beste laget på mange år, fleire profilar enn på lenge. Slik skal det vere. Så kjem vel herrelandslaget etter snart. Det er vel berre Odd Bjørn Hjelmeset som blir kjent att på gata av den gemene hop der?

lørdag 8. desember 2007

Mia Hudvin tilbake

Senkveld med Thomas og Harald hadde Mia Hudvin som gjest, det vart ein artig seanse. Men det var noko av det ho sa som eg beit meg merke i. Praten gjekk om korvidt det norske landslaget i hanball har profilar eller ikkje. Eg meiner at dei har det, både Gro Hammerseng og Karoline Dyhre Breivang er jo utadvendte personer.

Men det kunne ha vore så mange fleire. Og det er her Hudvins uttaling kjem inn i biletet, det ser ut som at alle har kommet ut frå Toppidrettsenteret som A4-produkt. Det har ho jammen rett i, men det gjeld for så mange fleire enn handballspelarar.

Det var andre tider då me hadde Hudvin, Kjersti Grini, Susann Goksøyr, Trine Haltvik og dei. Kjersti Beck var også ein fin type som ikkje er med lenger.

Men Nordstrand blir ein rikare klubb med Hudvin på laget.

Og Toppidrettsenteret og Olympiatoppen bør la folk få svare som dei vil. Og slutte med det maset om at dei skal svare: "være meg selv". Kven andre skal du vere?

Curling

Det var finale i dag. Norge har imponert stort i meiterskapet så langt, men i dag kom dei ned på isen. Skottland vart for sterke. Jaja, det er trass alt OL som er viktig for folk flest, ikkje EM.

Men gløym Pål Trulsen som har gjort så mykje for curlingen i Norge. Ikkje gløym han heilt, men det er ikkje han som spelar lenger, det er det desse som gjer:

Skip: Thomas Ulsrud
Third: Torger Nergard
Second: Christoffer Svae
Lead: Havard Vad Petersson

Pål Trulsen er framleis ein av dei kulaste i norsk sport, men skal me vinne gull i OL så er det desse me må stole på.

Curling er jo ein fantastisk idrett. Sjølv om ein ikkje har sett det før så tek det kort tid å finne ut kva som er målet med spelet. Men å lære seg taktikken og slik tek lang tid, og eg skal absolutt ikkje påberope meg å vere ein curling-vetar. Heller tvert om.

Men artig er det!

For ikkje å snakke om at den var opphavet til ein av dei beste artiklane som er skrevet om sport i Norge på år og dag. Sportsbilaget til Dagbladet hadde ein lang artikkel om intrigar innad i det norske kvinnecurlingmiljøet. Linn Githmark mot Dordi Nordby og slik.

Mange fedre i huset

Nils Arne Eggen - sjuande far i huset i Trondheim. Eller brakka om du vil.

Den sjette må vere Rune Bratseth.

Bratseth går inn i RBK-tradisjonen med å ikkje forlate klubben etter at han sjølv slutta. Han sa opp jobben for lenge sidan og Knut Torbjørn Eggen tok over, sjølvsagt son til far sin som eg har skrevet om før.

Kva gjer du om du seier opp jobben din? Dei fleste vil nok slutte, men ikkje Rune Bratseth, nei. No skal han vere ekspert på klubbens eigen kanal og hjelpe til litt i hist og pist. Han skal vere tilsett i 60% stilling og bli innleigd retsten (!). Det høyrast ut som idiotiet ser nye høgder.

Dette kan berre ikkje gå bra. Bratseth blir den nye Bent Skammelsrud som var så sur, så sur for at han ikkje fekk fortsette i klubben - men som fekk det lell. Og så forsvann han sakte, men sikkert ut. Bitter.

Bratseth burde forsvinne ut før heile klubben gjenbrukar for mykje, tyner for mykje saft frå frukta og blir bitter.



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/08/520585.html

fredag 7. desember 2007

Ein spesiell fyr

Så er det vel slik at José Mourinho er aktuell som trenar for England, kjempars fødeland. Lukke til...

England er eit artig land, det er fotballens vugge slik som Norge er skisportens vugge. Med andre ord, det er ikkje sikkert det var der idretten starta, men det er Norge og England som har sagt at det er slik.

Premier Leauge er verdas beste liga. Punktum. Det er der dei beste spelarane er og det er der det skjer. Kanskje litt subjektivt, for mange er jo Bradford verdas beste lag (heldigvis ikkje for meg). Men England får det ikkje til med landslaget. Ein gong har det skjedd, og i England tenkjer dei som i Bergen, ein gong skal det skje. I Bergen skjedde det - i England må dei framleis prøve.

Det har vore mange bra trenarar for England, den beste var kanskje Svennis. Svensken som prøvde det umoglege. Og fekk det til - nesten. Det einaste som mangla var den store sigeren, VM. Men Svennis fekk omtrent halve kongeriket, prinsessa (som opptredde i mange ulike former) og meir til.

Kva kan den neste trenaren oppnå? Ikkje stort betre trur eg. Men håper at eg tek feil. Eg har ei rangliste, når Norge er med heiar eg på Norge, så heiar eg på England til dei ryk ut før eg går over til Tyskland. I finalen er eg imot begge lag. Mest traumatisk var det då Frankrike og Italia spelte finale.

José Mourinho har heilt klart potensial. Media vil ikkje vere noko snillare med han enn med Sven Göran Eriksson, heller tvert om. Laget har kanskje meir respekt for Jose? Men han har, som Svennis, aldri bevist noko som helst med eit landslag. Det er stor forskjell på å vere klubbtrenar og landslagstrenar, berre spør Åge Hareide eller Svennis. Begge hadde suksess som klubbtrenarar meir enn som landlagstrenarar. Motsatt har me Drillo og Rudi Völler. Klinsmann har ikkje prøvd seg som klubbtrenar og har ikkje fått motbevist det for seg sjølv.

Eg trur England no treng ein som har bevist at han kan trene eit landslag. Guus Hiddink eller Otto Rehhagel. Kanskje til og med Klinsi hadde vore noko?



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/07/520474.html

torsdag 6. desember 2007

Ei kjerring i Rosenborg

Tidlegare har eg skrevet om Odd og Start korleis dei har det på spelarmarknaden etter nedrykket. Her er sogaen om Rosenborg.

Yssouf Koné vil vekk, men veit ikkje om han stikk. No blir han kanskje i Trondheim, kanskje fordi han ikkje er god nok til at andre klubbar vil kjøpe han? På sitt beste er han god, men han har ikkje utmerka seg som nokon stor spelar i år.

Miika Koppinen går til Tromsø. Greitt nok, dama ville, han ville, Tromsø ville og Rosenborg satt igjen med Svarteper.

Mikael Dorsin til Romania. Er det det som er den nye trenden? Folk flyttar heller til Romania enn å bli i Norge. Det seier litt om kor pengane er for tida. Får håpe han tener "lovleg" godt der nede.

Lago går. I tillegg legg Bjørn Tore Kvarme opp.

Det artige i Rosenborg er at heile forsvaret forsvinn. Faktisk er det så ille at Roar Strand, som har sagt for lenge sidan at han legg opp etter sesongen, har bestemt seg for å ta eit år til. Det er rett og slett krise i Rosenborg-forsvaret, og det verste er jo at krisa er fullstendig sjølvforskyldt. På benken har Rosenborg Andreas Nordvik, ein ung, lovande fyr - men han får ikkje spele. Det må då vere i Rosenborgs intersse å la guten få erfaring? Men nei.



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/06/520371.html

Albansk mafia

Som julekvelden kjem kvart år kjem det også bekymringsmeldingar om mafia-tilstandar i fotball. Sist ut er, av alle, Albania!

Dette er jo ikkje noko nytt fenomen. Liverpool blir for tida granska, for n-te gong. Mange lag har tapt med vilje, nokre gonger med stor hjelp frå dommaren, slik som Robert Hoyzer i Tyskland.

Det er jo ikkje så rart, det kan vere mykje lettent gryn på å satse litt ekstra satsing. Enkelt er det også, ein må berre passe på at ein ikkje skal sleppe inn fleire mål etter det ein har satsa på.

I Norge er det jo også historier knytt til dette. Eg hugsar ikkje kva for ein hockey-klubb det var, men han tapte kampen noko overraskande. På neste trening hadde dei nytt utstyr av alle slag.

Det er ein grunn til at ein ikkje har lov å spele på sitt eige lag. Nokre tilfelle ligg på grensa, som då Ole Martin Aasrt satsa på seg sjølv som toppskårar i Norge. Det syns eg er heilt greitt, ikkje var det mykje han satsa, og han må jo trass alt få lov å håpe at han blir toppskårar, han er jo ein av landets beste spissar.

Italia er jo storeksponent for mafiøse tilstandar. Korleis kunne ein liten klubb som Napoli hente ein spelar som Maradona på den tida? Og i tillegg vinne serien?

Etter at mange klubbar vart tatt i Italia vann Inter serien igjen, eg trur det var den mest rettferdige serien på mange år, og Inter burde kanskje stå som moralsk seriemeister dei siste ti åra. Økonomisk ligg klubben bak Juventus og AC Milan, men Inter har alltid hatt eit godt lag. Dei andre klubbane har hatt større moglegheit til å bestikke seg opp og fram enn mange andre klubbar.

Og at albansk fotball treng gryn er det vel ingen som tvilar på. Og korleis ville du ha gjort det sjølv for å få tak i lettent gryn? Tja, kvifor ikkje gjere det same? Sjølv om du før eller sidan kanskje blir tatt.

Tips: Ikkje tap med for store sifre.




http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/05/520305.html

onsdag 5. desember 2007

Ein standard ingen har slått

Ser at Vålerenga skal bygge nytt stadion, det er på tide. No har dei fått inn nokre tikningar som viser korleis den skal vere. Inneklemt på Valle. Lukke til!

Dei siste åra er det jo gått inflasjon i nye anlegg. Molde var tidleg ute og satte ein standard for korleis eit stadion skal sjå ut.


Aker Stadion. Bilete fro mfkweb.org


Molde stadion har sidan den gong bytta namn til Aker stadion, men anlegget er like fint. Det står i fjæra som eit monument i byen. Grasmatta er nedbygd slik at det ikkje skal ruve for mykje i landskapet



Sidan 1998 at Molde stadion vart opna er det mange som har bygd stadion, men ingen har nådd opp.

Viking stadion

Viking Stadion. Bilete fro mk.no





http://www.dagbladet.no/sport/2007/11/22/519044.html

Favorisering av Rosenborg?

Lars Bohinen, som eg har skrevet om før, er ute igjen. Denne gongen er eg samd i det han er ute og snakkar om - nemleg favorisering av Rosenborg.

Ein som har snakka om dette før er Arild Stavrum. Og det er ei kjent sak at Rosenborg i alle år er blitt favorisert.

No, det siste er oppsettet i Eliteserien neste år. Rosenborg får det som dei vil, og som alltid heimekamp 16. mai. Det Stavrum kritiserte var mellom anna at når Rosenborg treng eit mål på Lerkendal blir det alltid lagt til mykje ekstratid. Slik har det vore, slik kan det også komme til å bli.


Lerkendal Stadion. Bilete fro rbkweb.org


Eg trur grunnen er at NFF har denne drøymen om å lukkast i Europen ein eller annan gong - til det har dei valt seg ut eit lag - Rosenborg. Dei har ikkje vore like interessert i ein spanande serie i Norge og har lagt opp til at Rosenborg skal få lov å vinne.

Ein ser det no dei siste åra når andre lag også vinn at folk blir meir og meir intersserte. Det er i og for seg ikkje så viktig korleis norsk fotball står i forhold til andre europeiske lag, men korleis dei står i forhold til kvarandre i Norge. Det er her på bruket at dei fleste kampane er, og det viser seg at når det er fleire på Brann-Sandefjord enn på Brann-Dinamo Zagreb, viser det at det er heimleg serie folk vil ha. UEFA blir berre i tillegg.

I Trondheim er det bra med folk i CL, men det skal dei ha i Trondheim, det er overraskande mykje folk på kampane sjølv når laget gjer det dårleg i heimleg serie.



www.dagbladet.no/sport/2007/12/04/520200.html

tirsdag 4. desember 2007

Hadde det vore ein ikkje-norsk!

Så er doping-Norge i gang igjen.

Eg er sjølvsagt ikkje i posisjon til å avgjere om dopingsaka mot Jaysuma Saidy Ndure er rett eller feil, det er ikkje det eg er interessert i i dag.

Det eg er opptatt av i dag er den norske haldninga. Nordmenn er mot doping. Slik er det og slik skal det vere. Om ein utlending blir tatt for doping skal han utestengast på livstid. Men ikkje ein som representerar Norge.

No sist er det Jaysuma Saidy Ndure. Før er det flust av tilfelle, Trine Solberg (Hattestad), Fritz Aanes, Anita Valen, Stian Grimseth og fleire. Alle har dei vore i diskusjonen, men gått fri (som sagt, det kan vere at dei var reine). Utlendingar som var i same situasjon har blitt dømt nord og ned av nordmenn, Manuela di Centa, Silvio Fauner, Marco Albarello (http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=7640763) - men vart dei tatt? Kanskje like skuldige som nordmenn? Eller uskuldig?

Men kor er dei som tek bladet frå munnen og vil utestenge våre eigne?



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/04/520165.html