mandag 10. desember 2007

Takk, Vibeke Skofterud!

Ho er blitt god, Vibeke Skofterud. Etter mange magre år har ho i år tatt steget opp til dei beste i langrenn. Det er bra, Norge treng ei som ho.

Og det beste med Skofterud er at det ser ikkje ut til at ho har tatt skade av Olympiatoppens dill-dall. Ho snakkar frå levera og lever slik ho vil. Ho er støtt og stadig i media, bilete frå ei stjelt datamaskin, mista lappen og så bortetter.

Den siste greina i stammen er at ho drakk seg full kvelden før eit løp. Takk! Det viser at toppidrettsfolk kan vere som andre, dei også. Frå før har jo Kristin Størmer Steira fått peppar for at ho tek seg eit glas vin og hoppar over ei trening i ny og ne... Ja, og så? Om det er det som skal til for at ha skal ha det bra, så syns eg ho skal få lov til det.

No har damelandslaget det beste laget på mange år, fleire profilar enn på lenge. Slik skal det vere. Så kjem vel herrelandslaget etter snart. Det er vel berre Odd Bjørn Hjelmeset som blir kjent att på gata av den gemene hop der?

Ingen kommentarer: