fredag 29. februar 2008

31 år på gress. Og lag som drikker sammen, vinner sammen


Eg gler meg til å lese ei bok som kjem ut snart. "31 år på gress" er første romanen til Arild Stavrum og handlar om spissen Joackim frå Oslo som spelar fotball. Etter kvart blir han også toppskårar i eliteserien for Molde (noko ingen Molde-spelar har greidd sidan 1974 og 1976, Jan Fuglset og Odd Berg).

Boka har allereie skapt furore i Molde-traktane. Avisa Romsdals Budstikke er full av innlegg. Debatten er i gang. Og det nesten to veker før boka kjem ut.

Eg har trua på Arild Stavrum som forfattar, han har fleire gonger tidlegare vist at han har ei skarp penn, mellom anna gjennom sine innlegg i Aftenposten. Dei var også med på å skape debatt, som då han skreiv at Rosenborg hadde fått seriemeisterskapet av NFF eller kva det var. Han har alltid sagt kva han meiner.


   TEKST


Som trenar var han også fargerik. Espen Silseth er i dag intervjua i RB der han kallar Stavrum for "ein feig klovn". Så er jo Silseth meir kjent som campingvognselgar enn fotballdirektør... Det verste er jo at Silseth ikkje er nøgd med forma til Stavrum då han kom til Molde før sesongen 2003. Hallo, det var jo han som henta Stavrum til klubben!

– Han må vel skrive om andre enn seg selv. Å lese en bok om fotballspilleren Stavrum, ville vel vært kjedeligere enn å se maling tørke, sier Silseth lakonisk. (RB)

Så feil kan ein ta, Silseth. Det er, om du liker det eller ei, alltid noko som skjer der Stavrum er.

Morten Bakke, tidenes sisteskanse i Molde stadfestar nokre utsagn i Dagbladet. Åge Hareide skal ha sagt at lag som drikk saman også vinn saman. Om det er det som er suksessoppskrifta i Molde er det på tide med ei real fest.

Men då skal ein ikkje køyre heim...

Eg er spent på den boka!


mandag 25. februar 2008

Tottenhams etterlengta pokal, og ein ikkje så heldig Tottenham-fan


Det har vore mange tunge år for Tottenham, men i går fekk dei det til. Sjølv om året ikkje sluttar med 1. Så Tottenham-fansen må vel vente i tre år til før det skje noko, kanskje det kan bli gull i serien då?

Juande Ramos er blitt geni-erklært i Tottenham sidan han tok over etter Martin Jol for fem månader sidan. Naja, det skulle vel ikkje så mykje til å gjere det betre enn det som var då. Jol gjorde mykje bra for laget, og dei fleste med hjartet i Tottenham var triste då han måtte gå. Men erstatninga var fullgod, noko som ikkje alltid har vore tilfellet i London-klubben.

Ramos er jo også kjent for å vere ein cup-meister, dei seks siste titlane han har trent lag til er alle i ein eller annan cup: Liga-cup 08 (Tottenham), den spanske supercupen, den spanske cupen, UEFA-cup (to gonger) og UEFAs supercup (alle med Sevilla). No er han trenar for det britiske cup-laget Tottenham. Der burde han passe inn.


www.guardian.co.uk/


Verre gjekk det i helga for Tottenham-supporteren Egil Roger Olsen, tidlegare æresmedlem i Tottenhams Venner (som han mista då han gjekk til Wimbledon). Han vart sparka som trenar for Irak, kanskje ikkje ein stor overraskelse, men det var no ein gong det som skjedde.

Ein ting er at han ikkje vil trene laget inne i Irak, ein annan ting er det at han har vel heller ikkje fått dei resultata han ønskja. Så no blir han vel arbeidslaus ei stund framover til han må ta over Vålerenga utpå hausten for å redde dei frå nedrykk. Igjen.

mandag 18. februar 2008

Plutseleg så skjedde det noko


Rett etter stafetten på laurdag vart den godaste Ole Einar Bjørndalen intervjua av Dag Erik Pedersen på NRK. Noko som eg har sett før, både ein og to gongar. Men denne gongen vart det ein heilt anna snert enn før. Den godaste fekk verkeleg satt Pedersen på plass, med både krasse og irettesetjande svar. Og om nokon skulle vere i tvil, nei, han nytta ikkje stafetten som gjennomkøyring før søndagen.

Den store gleda i helga var jo Emil Hegle Svendsen som slo Bjørndalen i spurten. Ikkje det at det var så viktig for meg kven som vann, berre me slo svenskane (noko me gjorde til gangs). Og takk til Tora Berger som gjekk forbi Sverige på stafettens siste etappe.



Kaja Eckhoff og Emil Hegle Svendsen



Ein siste ting, familiært. Noko eg ikkje var klar over. Men eg burde kanskje ha tenkt meg til det. Svendsen sa jo at han hadde fått seg dame. Men kven er det? Det er Kaja Eckhoff, søstra til Stian. Stian er saman med Anne Ingstadbjørg. Frå før er det Rafael og Liv Grete Poirée, Ole Einar Bjørndalen og Nathalie Santer, Gunn Margit Andreassen og Frode Andresen, Egil Gjelland og Ann-Elen Skjelbreid, Linda og Roger Grubben

fredag 15. februar 2008

Glede

Det var rett og slett artig å sjå Emil Hegle Svendsen i går på skiskytinga. For dei som ikkje såg det: Han stod der saman med NRK og venta på at Bjørndalen skulle gå i mål for å få vete om han fekk sølv eller gull. Og tida gjekk, og i den augenblinken det går opp for han at han har vunnet gull ser du ein glad mann i ruta.

Fantastisk artig å sjå. Det var pur glede, den mannen hadde det godt, det var ikkje vanskeleg å sjå. Ikkje så rart, verdsmeister som han var blitt. Og alle snakkar om Bjørndalen, men i år trur eg det er gliset og tårane til Hegle Svendsen som blir hugsa.

Det er synd å seie det, men det ser ut til at Ole Einar Bjørndalen har mista den spontane gleda av å vinne. Også det at han så sjeldan gjer uttrykk at han er nøgd med det han har gjort. Greitt at han ikkje er det, men me andre som sit og ser er godt nøgde. Det er også å forstå, han har jo gjort det nokre gongar no, så det går vel rutine i det?

Difor er det så befriande å sjå trønderen utan bart i går.

Me har sett mange nordmenn juble før for sine første verdsmeistertitlar, lat det ikkje bli den siste.

mandag 11. februar 2008

Soga om Morgan Andersen

Så er det igjen full rulle - og igjen er det Morgan Andersen som er midtpunktet.

Saka kjem til å bli ein meide-triller framover. Om Morgan er skuldig eller ikkje får me svar på når retten har gjort seg opp ei meining. Men nokre ting skurrar.

Då John Obi Mikel gjekk til Chelsea var det Manchester Utd som fekk mest pengar. Lyn fekk vel rundt 50 millionar, men ManU fekk 150 millionar. Om alt var som det skulle vere burde vel Lyn hatt rundt 200 millionar?

Andersen forsvann frå Lyn. Om han hadde alt på det tørre så kunne han vel blitt? No, han ville heimover, og ikkje skjønar eg at Fredrikstad ville tilsette Andersen etter alt som var i media. Om berre det halve var sant så er det vel så mykje at FFK burde kunne greie seg utan?

Det er også dårleg av Lyn at dei ikkje støttar Andersen. Han var tilsett der og om det er ein mann åleine som skal ha ansvaret for kontraktar i millionklassen burde Lyn sjå på seg sjølve og kanskje endre nokre rutinar.

Kanskje burde han vore i Vålerenga i staden for Lyn? Der er det jo tradisjon for å skrive det eine og andre på pølsepapir. Då hadde dei i alle fall hatt noko å vise fram!

fredag 8. februar 2008

Autografar og slik

For mange år sidan samla eg på autografar og var til og med medlem av Norsk Autografsamlarforbund (NAF). Ein gong har eg betalt for ein autograf, det var av ein verdsmeister i segling, ein som kanskje er meir kjent som Konge av Norge. Olav V.

Det var dyrt, men den er gått kraftig opp i verdi, noko som ikkje betyr så mykje for meg - eg har ikkje tenkt å selgje den uansett.

Men no kjem det fram at eit britisk firma har forfalska autografen til Ole Gunnar Solskjær (sikkert ein av mange, men i og med at han er norsk så er det han norsk presse skriv om - forståeleg nok). Det artige i historia er faktisk, etter mi meining, at ei dame har betalt 5 500 kroner for det - noko som hadde kosta ho eit frankert brev til Solskjær sjølv. Eg fekk autografen hans medan han spelte i Molde, heilt gratis. Men om eg skulle få fem tusen så er den solgt. Eg kan heilt sikkert få has på ein autograf til om så skulle vere.


Stein Gruben


Men autografar av idrettsstjerner er ikkje så mykje å trakte etter. Dei fleste har liten verdi. På auksjonsnettstadar er det ikkje dei dyraste tinga, ein må også vere forsiktig så ein ikkje kjøper katta i den famøse sekken. Falske autografar, som i at handre har skrevet, er ikkje det verste. Det verste er påtrykte autografar. Dei er verdt like mykje som om du lastar ned eit signert bilete frå nettet og skriv det ut.

Problemet med idrettsstjerner er at ein ikkje veit kven som vil forbli kjent etter aktiv karriære. Eg fekk autografen til Stein Gruben, skihopparen. Mange har kanskje glømt han, men han vart meir kjent etter at han hoppa med fakkelen under opninga av OL på Lillehammer (fordi Ole Gunnar Fidjestøl vart skadd).

Den er ikkje så mykje verdt, men kan bli det. Kan, men lite truleg.



Solskjær sin autograf forfalska

Ei stjerne i Russland

Erik Hagen har reist får byen som vart bygd for å forsvare seg mot svenskane.

St. Petersburg vart grunnlagt av Peter den Store i 1703 ved elva Neva. I løpet av dei rundt 150 åra dei har spelt fotball i St. Petersburg vart Erik Hagen den tredje nordmannen som spelte der. Først var Peter Oscar Serck og seinare Kåre Johann Mathiassen før revolusjonen. Nr. fire vart Jørgen Jalland.

Men Hagen var ein stor helt i St. Petersburgs Zenit. Han spelte lenge fast, var kompromisslaus - noko som gjekk rett inn hjå russarane. Han skåra ikkje mange måla, men når han gjorde var det meir jubel enn om andre skåra. Sjølv om han fekk raud kort var han ein helt.

Hadde russarane visst at kallenamnet til Hagen er "Panzer" hadde han blitt ein enno større helt. Men det veit dei ikkje.

Ein fotballkamp på Petrovskij stadion i St. Petersburg, eller Piter som dei seier (utlendingar i Piter seier Piter, utlendingar i Moskva seier Saint-Pete, slik kan du høyre om ein har lært seg russisk i Moskva eller Piter) startar med at ein syng hymnen til Zenit. Den har ikkje vore oppdatert på mange år, det er framleis Leningrad, i songen er Rapid (Wien) og Hamburg (Gamburg på russisk på grunn av ein manglande "h") rekna som storlag. Så det er lenge sidan.

Stadion er som regel full, men det er ikkje så rart tatt i betrakning kor liten den er, den har ein kapasitet på vel 20 000. Det er ikkje rare greiene... I svingane sit dei som kallar seg for ultras. Resten er fyllt opp av gamlingar som hugsar seriegullet i 1984. Og nokre familiar med born!

Så skal Hagen spele i Wigan eit halvt år. Mon tru om han blir like stor helt der som i Russland? Og det kan skje, men det må då noko ekstra til. Som å redde ein ball på streken tre minutt før slutt i siste runde for så å nikke ballen i nota på overtid slik at Wigan vinn og overlever i Premier Leauge.

tirsdag 5. februar 2008

Fugla flyr frå Lillestrøm

Pål Strand, mangeårig helt i Lillestrøm får ikkje vere med klubben til La Manga. Det får heller ikkje den danske spelaren Dan Anton Johansen vere med på.

Alle klubbar treng folk som er elska av fansen, du finn dei overalt (nesten), i Brann finn ein Huseklepp, i Molde Daniel Berg Hestad, i Rosenborg Roar Strand og så bortetter. Heldigvis for Lillestrøm er Frode Kippe i klubben, ein lokal lad. Men av dei Lillestrøm-supporterane eg kjenner er det Pål Strand som er den største, ikkje den beste, men den største.

No vil Lillestrøm gjerne låne han ut eller at han forsvinn for godt. Ikkje ulikt det som skjedde med Arild Sundgot for nokre år sidan, Lillestrøm ville selgje til Lyn, men Sundgot ville bli. Dei var heldig med at han vart (for om ikkje - kven skulle då ha handsa inn målet i semifinalen i fjor?)

Men kva om Strand går til Vålerenga og blir ein hit der, det hadde vore noko, det.<

Dagbladet

mandag 4. februar 2008

Bjørgen vinn, Skofterud tapte - både i media og i løypa

Det var litt artig, det som skjedde i helga.

Vibeke Skofterud, som tidlegare i vinter var i god form, gjekk ut og kritiserte treningsopplegget til Marit Bjørgen og Svein Tore Samsdal.

Og kva skjer?

Nettopp, Skofterud måtte kjempe mot Hilde Gjermundshaug Pedersen om bronse. Og tapte. GP har lagt opp og var med som "mosjonist", men var betre enn Skofterud, og mange andre også.

Bjørgen sin siger var langt meir enn ein siger i sporet. Ho vann med Samsdal sine metodar! Flotte greier, eg har litt sansen for at den som angrip også taper.

Og Åge Skinstad? Han trur Bjørgen endrer sine treningsmetodar til neste år. Jaja, med gull til Bjørgen og GP. (Av dei som gjekk på vinnarlaget i stafett for kvinner er det heller ingen som er på elitelandslaget.)

Bohinen igjen - det måtte berre komme

Så skjedde det. Eg har venta på det lenge no, at kritikken mot Lars Bohinen skulle ta av for alvor i Stabæk.

I Stabæk tenkjer ein berre på seg sjølv, ikkje på andre. Det var ein gong mantraet i Bærum. Så kom Bohinen, sa det same, men levde ikkje opp til det.

Så i helga, eller var det før helga, kom det fram at spelarane ikkje var nøgde med personalpolitikken til Bohinen. Ikkje bra at ein direktør eller kva det no er han er går ut og seier at ein spelar er tjukk eller kommenterar lønskrava til spelarane.

Sjølv om Stabæk ofte har framstått som ein pappa-klubb og tidvis ikkje vore rekna for å vere sympatisk (er ein ny, så er ein ny, ein har alltid mykje å bevise), men Ingebrigt Steen-Jensen har gjort mykje for at klubben skal bli tatt seriøst, noko han i stor grad har lukkast med.

Det tek lang tid å byggje opp noko, men kort tid å rive. Får håpe for Stabæk sin del at Bohinen ikkje audelegg for mykje. Men frå no av burde han roe seg. Kanskje han til og med blir i klubben?

Eller er han der for å tale Vålerengas sak?