tirsdag 5. februar 2008

Fugla flyr frå Lillestrøm

Pål Strand, mangeårig helt i Lillestrøm får ikkje vere med klubben til La Manga. Det får heller ikkje den danske spelaren Dan Anton Johansen vere med på.

Alle klubbar treng folk som er elska av fansen, du finn dei overalt (nesten), i Brann finn ein Huseklepp, i Molde Daniel Berg Hestad, i Rosenborg Roar Strand og så bortetter. Heldigvis for Lillestrøm er Frode Kippe i klubben, ein lokal lad. Men av dei Lillestrøm-supporterane eg kjenner er det Pål Strand som er den største, ikkje den beste, men den største.

No vil Lillestrøm gjerne låne han ut eller at han forsvinn for godt. Ikkje ulikt det som skjedde med Arild Sundgot for nokre år sidan, Lillestrøm ville selgje til Lyn, men Sundgot ville bli. Dei var heldig med at han vart (for om ikkje - kven skulle då ha handsa inn målet i semifinalen i fjor?)

Men kva om Strand går til Vålerenga og blir ein hit der, det hadde vore noko, det.<

Dagbladet

2 kommentarer:

Anonym sa...

Pål Steffen Andresen. Han er fødd og oppvakse på Lillestrøm, Kippe er fødd og oppvakse på Kolbotn.

Du visste vel at Frode Kippe har hoppa over hundre meter på ski?

Idrettsblogg sa...

Ja, men trur ikkje han hadde gjort det i dag.

Pål Steffen er heller ikkje den beste, men av dei to sikkert den mest lokale...

Men ingen blir vel meir arveleg lasta enn Berg Hestad i Molde (faren har 681 kampar og heiter Laffen, onkelen heiter Harry Hestad, ein anna onkel heiter Odd Berg og ein siste heiter Jan Berg.)

Trym, broren, vart alpinist. Det gjekk ikkje så bra.