fredag 7. desember 2007

Ein spesiell fyr

Så er det vel slik at José Mourinho er aktuell som trenar for England, kjempars fødeland. Lukke til...

England er eit artig land, det er fotballens vugge slik som Norge er skisportens vugge. Med andre ord, det er ikkje sikkert det var der idretten starta, men det er Norge og England som har sagt at det er slik.

Premier Leauge er verdas beste liga. Punktum. Det er der dei beste spelarane er og det er der det skjer. Kanskje litt subjektivt, for mange er jo Bradford verdas beste lag (heldigvis ikkje for meg). Men England får det ikkje til med landslaget. Ein gong har det skjedd, og i England tenkjer dei som i Bergen, ein gong skal det skje. I Bergen skjedde det - i England må dei framleis prøve.

Det har vore mange bra trenarar for England, den beste var kanskje Svennis. Svensken som prøvde det umoglege. Og fekk det til - nesten. Det einaste som mangla var den store sigeren, VM. Men Svennis fekk omtrent halve kongeriket, prinsessa (som opptredde i mange ulike former) og meir til.

Kva kan den neste trenaren oppnå? Ikkje stort betre trur eg. Men håper at eg tek feil. Eg har ei rangliste, når Norge er med heiar eg på Norge, så heiar eg på England til dei ryk ut før eg går over til Tyskland. I finalen er eg imot begge lag. Mest traumatisk var det då Frankrike og Italia spelte finale.

José Mourinho har heilt klart potensial. Media vil ikkje vere noko snillare med han enn med Sven Göran Eriksson, heller tvert om. Laget har kanskje meir respekt for Jose? Men han har, som Svennis, aldri bevist noko som helst med eit landslag. Det er stor forskjell på å vere klubbtrenar og landslagstrenar, berre spør Åge Hareide eller Svennis. Begge hadde suksess som klubbtrenarar meir enn som landlagstrenarar. Motsatt har me Drillo og Rudi Völler. Klinsmann har ikkje prøvd seg som klubbtrenar og har ikkje fått motbevist det for seg sjølv.

Eg trur England no treng ein som har bevist at han kan trene eit landslag. Guus Hiddink eller Otto Rehhagel. Kanskje til og med Klinsi hadde vore noko?



http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/07/520474.html

Ingen kommentarer: