Så er diskusjonen her igjen, den danske syklisten, Michael Rasmussen anklagar Thor Hushovd for å ha to advarslar fro brot på meldeplikta.
Denne meldeplikta er rare greier, ein må heile tida seie frå om kor ein er. Skal ein ikkje få lov å ta seg ein spontan tur ein eller annan plass fordi ein er toppidrettsutøvar? Det er etter mi meining å gå langt forbi det som er etisk. Men så er vel den plikta slik at ein skal melde frå om dei neste 24 timane eller noko slik. No kjenner ikkje eg dopingens viderverdigheiter, men kor mykje doping kan ein ta på 24 timar som så forsvinn ut av kroppen innan den tida er gått?
Men eg forsvarar rein idrett, og for å få til dette ser eg at meldeplikt kan vere naudsynt. I det siste har det vore store skandalar i USA innan ulike lagidrettar. Slik vil eg helst ikkje ha det, difor er eg for meldeplikt, trass i at eg er mot denne inngripen i livet til folk.
For sjå på det. Kor langt ned på resultatliste på 100 meter i Seoul må du for å finne ein rein utøvar i 1988? Ben Johnson, Carl Lewis, alle vart vel tatt på eit eller anna tidspunkt?
Kva med ein regel som seier at om du blir tatt for doping mister du alle medaljane du har vunnet dei siste fem åra? Det er straff som svir.
http://www.dagbladet.no/sport/2007/12/18/521555.html
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar