lørdag 12. juli 2008

ANBEFALING: Ann Kristin Aafedt Flatland


Om du enno ikkje kjenner til Ann Kristin Flatland er det på tide at du får opp auget for ho.

Nok ein gong er det Voss som har gjort sitt for norsk skiskyting. Ja, eg veit, ho har vore med i mange år. Men i år blir det nok ho som slår igjennom av skiskyttarane. I fjor var det Solveig Rogstad, i år blir det ei frå Voss. Og ho går i gode skispor etter Eirik Kvalfoss og Gro Marit Istad. Om eg ikkje hugsar feil var vel også ein annan gamal favoritt frå Voss: Gisle Fenne. Kjent for mellom anna "Fenne spesial" - fem treff på kort tid.

Det eg gler meg til med Flatland er at ho verkar så sympatisk. Ho kan bli ein norsk folkehelt. For vel to år sidan spådde eg at Astrid Jacobsen skulle slå igjennom, eg trur eg får rett ein gong til. Med å slå igjennom med Flatland meiner eg at ho held seg stabil i toppen og vinn eit og anna løp.


Og skulle du ha ei bedrift med litt overskot som treng eit sympatisk anlet: Bruk pengane på å bli Flatlands sponsor. (No veit eg sjølvsagt ikkje om ho treng det, og skulle du gjere det, hugs å oppgjå bloggen her også, eg treng også publisitet.)

Ann Kristin Flatland har også ei bra heimeside, ei av dei beste eg har sett av norske, individuelle idrettsutøvarar: akflatland.no. Og legg merke til at sida er på nynorsk, det er også eit pluss.

Ingen kommentarer: