tirsdag 27. mai 2008

Lang, lang rekke. Eggen ut av rekka gå...

Det kom vel ikkje som noko sjokk, men det er synd for Knut Torbjørn Eggen som går av som sportsleg leiar i Rosenborg eller kva no enn for tittel han har hatt der oppe. Det er jaggu ikkje godt å vete, det er jo blitt så mange kokkar i Trondheim, det er berre det at gourmetrestauranten manglar.

Det var vel i desember i fjor at han gjekk på smellen, var det ikkje det? Då hadde Per Messias Høgmo og Rune Bratseth allereie vore vekke frå jobben.

Det kvevjast sitt å vere leiar i Rosenborg, det skjønar eg også. Dei siste fem åra er det vel fem trenarar som alle er tatt inn for så å forsvinne ut att. Eggen junior er blitt anklaga for å ville ha jobben etter sin far og at han som eit ledd i prosessen måtte kvitte seg med Knut Tørum.

Noko som er blitt avvist som sludder. Så er det vel det, då.

Som ein digresjon, eg las intervjuet med far Eggen i sportsbilaget i Dagbladet sist fredag - den mannen har ikkje mykje godt å seie om Tørum. "Han er flink til å sette ut kjegler" eller noko i den dur var det einaste positive han hadde å seie om den stakkars Tørumen. Men gjennom heile intervjuet kom det stikk til Tørum i negativ retning.

Så skal sonen, Knut Torbjørn, altså sitte midt imellom og dømme levande og daude. Eller "has been" og "wannabes". Det seier seg sjølv at det ikkje bli lett i ein slik situasjon. Pappa, som mange har sett på som Gud på Brakka vs. den sitjande trenaren, mannen som faktisk skal utføre jobben. Som han heller ikkje fekk utført. Artig er det jo at ein siger mot Chelsea (eller var det uavgjort?) fører til to trenarbytte: Mourinho flytta frå London og Knut Tørum til Drammen.

Kven som har rett og kven som tek feil gjer eit uvisst svar. Eller - Morten Pedersen har sikkert svaret.

Det er ikkje langt til korkje barken eller veden om du står midt imellom.

Får håpe Knut Torbjørn kjem seg til hektene snart igjen.

Det står ein stol ledig etter Morgan Andersen ein stad lenger sør i landet!



1 kommentar:

Anonym sa...

Takler man ikke presset som leder i en norsk eliteserieklubb, burde man gitt seg tidligere enn det Eggen her gjør.