fredag 24. oktober 2008

Takk og farvel til Asker frå ein Asker-fan


Så er mitt forhold til Asker slutt. Brått og plutseleg.

Eg er ein av dei som har Asker-skjerf. Eg har vore på Føyka og sett Asker spele. Eg har vore på to cup-finalar, stått i regn og vind for å sjå Asker utklasse Team Strømmen på eit gjørmete Ullevaal-gras.

No er det slutt, eg kan ikkje lenger heie på Asker.

Det blir sagt at ein ikkje kan skifte klubb. Ein kan skifte dame, sokker og mykje anna, men ikkje klubb. Her er eit par grunnar til at du faktisk kan bytte:

*Klubben inntek eit politisk standpunkt du ikkje kan stå for.
*Klubben svik supporterane.
*Klubben slår seg saman med ein klubb du ikkje likar

Og det er sikkert noko meir.

Kan nokon forklare meg korleis eg som Molde-fan kan heie på Stabæk sitt damelag i fotball? Eg ser berre ikkje at det kan gå, og eg er heller ikkje interessert i å gjere det.

Eg håper at fleire ser kva det er Asker har gjort mot fansen sin. Me var med då dei rykka ned, men ikkje når dei går til Stabæk, no har dei gått over grensa til det hinsidige.

Takk for meg.

No blir det sikkert Røa.


PS, VG skriv at "Det blir første gang en klubb i Norge har topplag både for kvinner og menn." Kan nokon sjekke kva divisjon damelaget til Molde var hen i 1994? Berre slik for sikkerheits skuld.

2 kommentarer:

Anonym sa...

men i 1994 var jo ikke herrelaget til Molde i toppdivisjonen

Idrettsblogg sa...

Fordi VG ikkje refererar til same år.