torsdag 29. november 2007

Eggen, Rosenborg og Tørum

Så er sjuande far i huset, gjenferdet på Lerkendal, ute og kommenterar det som skjer i Rosenborg. Eg skjønar at han gjer det, han har jo vore der så mange år og kjenner systemet, men så vidt det eg har fått med meg er det ikkje noko ønskje frå Rosenborg at han skal snakke i tide og utide.

Eggen sr. har hatt sitt å seie på Lerkendal sidan sekstitalet, han har jo oppnådd mykje som trenar, den største bragda kom vel eigentleg med Moss i 1987. Han snakkar og snakkar, skulle neste tru han var i klubben enno. Men det er feil, men det er ein inkarnasjon der - Knut Torbjørn. Eller junior. Son av sin far.

Men det er innhaldet i kritikken frå Eggen som eg reagerer på. Måten han karakteriserar Knut Tørum på. Det har då ikkje Eggen noko med? Det er greitt at Eggen sjølv gjekk etter sine eigne eggenske filosofiar, men det må vere ope for dei som kjem etter å endre litt på det? Men i den eggenske filosofi er det han som har rett og dei andre feil.

Åge Hareide var ein som prøvde å gjere noko med forgubbinga på Rosenborg-laget, han gjekk. Hadde alt vore fryd og gammen hadde han nok blitt, men på toppen satt Rune Bratseth som har brukt opp mang ein trenar dei siste åra. Verst var det med Ola By Rise, ingen i Rosenborg har vel blitt verre behandla enn Ola By! Trufast til alle tider, hadde bart og ein Rosenborg-spelar som folk som heia på andre klubbar måtte innrømme var sympatisk (ein av få, Roar Strand glimtvis).

No er inkarnasjonen der, det første han fekk til var å gje Tørum sparken. Det låg i lufta sidan inkarnasjonen kom tilbake til Trondheim. Tørum skulle ut, same kva!

Og senior argumenterar for at det var rett å sparke ut Tørum.

Det er då eg lurer på: Kor har det blitt av den eggenske kontinuetetstanken? Eller gjeld den berre for Eggenane sjølve?

Ingen kommentarer: