Noreg vinn!
Grunnen er sjølvsagt at Noreg skårar mål og ingen skårar på Noreg. Thomas Myhre står ikkje i mål lenger for landslaget - kan ikkje skjøne det? Det har vel litt med at han slapp inn billege mål tidlegare i kvalifiseringa. Me hadde vore klar for EM allereie om han ikkje hadde kladda det til.
Trur det blir ein keisam kamp, då tenkjer eg ikkje på det som skjer på banen, men det som skjer på tribuna. Bosnia-Herzegovina var artig, Tyrkia måtte også spele på nøytral grunn, men i morgon er det ikkje noko som skjer.
Nordmenn er keisame, tyrkarane som bur i Noreg har blitt norvagiserte - dei er blitt keisame dei også. Beviset ligg i at VG må ty til kampen mellom pølse og kebab. Hadde det vore noko å snakke om hadde dei skrevet om Abdullah Öcalan og Kurdistan.
Lenge leve kebab!
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=185752
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar