fredag 23. november 2007

Gro Hammerseng sine private notatat...

Alle skal skrive biografi no for tida. Siste i avisa er at Gro Hammerseng er bedt av Marit Breivik om å skrive bok.

Dette er ei bok som kan bli meir interessant å lese enn mange andre bøker som er på marknaden. Det er ikkje så mange handballbøker der ute, så vidt eg veit er det ikkje nokon biografi om korkje Trine Haltvik (eit kapittel i "Gylne øyeblikk" av Knut Bjørnsen, men ikkje ei heil bok) eller Hanne Hegh.

Handballen har mange interessante ting å bidra med. Alt frå idretten i seg sjølv, kvifor den er blitt så populær i Norge, kvifor det er akseptert å ha homofil legning der og så bortetter.

Generelt meiner eg at det er for mykje rart ute og går, men at alle idrettsbøker skal ønskjast velkomne. Det er artige tilskot til litteraturen. Kva hadde norsk fotballbiografigenre vore utan Olaus Brunvoll si bok "Åge Hareide" frå 1984. Eit fint innblikk i ein fotballspelars liv på den tida.

Ei av dei beste idrettsbøkene eg har lest er Gudmund Skjeldal si "På villspor: Takk og farvell til toppidretten" (1995). Det er ei reflektert bok om idrettens for- og baksider. (Det er samstundes ein bibel for alle som hatar idrett, der er det mange bra argument å finne mot idrett.) Det diskuterar han sponsing, etikk og moral, samfunnet og meir til.

Berre så synd at den andre boka til Gudmund Skjedal ikkje tok opp tråden frå den første. "Den siste langrennaren: ei historie om Kristen Skjeldal og snø" (2006). Den framstår som bitter, bitter på endringar først og fremst. Ei bok som har lite nytt å melde. Spørsmål om kva som er best i 5-mila i Kollen blir omhandla. Ja, om ein langrennsløpar vil gå 25 km. rundar er det fritt fram. Om han vil tene pengar så går han slik det er lagt opp i dag. Men det står det ikkje noko om i boka, den er einsidig på at 25 km. er det einaste rette.

Kva Gro Hammerseng kjem til å bidra med gjenstår å sjå, det er fort gjort å skuffe, men det kan komme ei perle av ei bok om ho ser utover det som skjer berre på banen.

Lukke til, Gro.



http://www.dagbladet.no/sport/2007/11/22/519035.html

Ingen kommentarer: