lørdag 24. november 2007

Arbeidsoppgåver og dritt...

Så har det skjedd igjen, Åge Skinstad har pålagt landslaga i langrenn å snakke om arbeidsoppgåver på pressekonferanser, ikkje om resultat.

Noko så keisamt.

Ein av grunnene til at eg liker Bjørgen, Uhrenholdt Jacobsen, Skofterud og folka er at dei snakka om andre ting også. No skal dei pressast inn i eit mønster der dei blir pålagt kva dei skal snakke om.

Me som ser på sport er ikkje interesserte i dette, me er interesserte i kva som rører seg og kva som skal skje. No ser det ut til at landslaget er tilbake på Bente Skari-nivå.

Norge har ein lang tradisjon der ein byr på seg sjølv. Det er slik Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie vart folkeheltar. Dei gav og pressa skreiv. Dei framstod som folk og ikkje som idrettsmaskiner.

Det er trist om dette blir satt i system. Skinstad burde vete betre med fortid i media. Og utøvarane burde vete betre, dei lever av sponsing. Ei som Vibeke Skofterud har fleire sponsorar, det er ikkje fordi ho er best, men ho gjer av seg sjølv. Folk kan relatere seg til ho, sjølv om ho ikkje vinn ofte.

Mitt råd til utøvarne er at dei ikkje må kunne godta dette. Dei må få lov å seie det dei vil. Når dei vil.

Og om målet skal vere å ta igjen det langrenn har tapt til skiskyting så må dei stå på mykje. Skiskyting er av natur meir interessant enn langrenn, då må langrenn ta grep for å få oppmerksomheit og ikkje klage over at langrenn blir nedvurdert i forhold til skiskyting i media og slik.

For langrennsfolka har mykje å by på. Og det bør dei fortsette med!




http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=186616

Ingen kommentarer: