fredag 30. november 2007

Ove Flindt-Bjerg

Odd vil ha ny trenar etter Ove Flindt-Bjerg. Dei rykka jo ned, så det er vel ikkje så rart, det er jo ikkje mange lag som går ned som vil halde på trenaren sin? Det skjer heile tida, den siste som eg kjem på i farta som vart med laget ned som trenar er Iver Morten Nordmark den første gongen Aalesund rykka ned.

Feilen til Odd var å sparke Gaute Larsen og Arne Sandstø. To som hadde fått mykje ut av eit lag med få ressursar og ikkje den beste stallen. Det er typisk Odd å vinne nokre kampar på rad for så å tape ein drøss med kampar på rad. Det at laget vann dei tre siste kampane hadde like gjerne kunne ha skjedd med Larsen og Sandstø som trenarar som med Flindt-Bjerg.

Det skal bli artig å sjå kven som tek over laget no til neste år. Det er ikkje så mange ledige trenarar på marknaden for tida. Arild Stavrum er aktuell for Skeid, Espen Olafsen har sine gode grunnar til å takk nei til jobbar. Men det er alltids folk der ute.

Norge har jo vore gjennom eit generasjonsskifte dei siste åra når det kjem til trenarar. Mange spelarar har blitt trenarar i toppklubbar rett etter spelekarriæra, som Kjetil Rekdal, Henning Berg, Steinar Nilsen og no sist Marin Andresen.

Så Odd kan vel finne ein, dei òg?

Ingen kommentarer: