onsdag 21. november 2007

Malta - Norge

Så er det kamp igjen. Norge kan, men kjem ikkje til EM, det er dommen min. No hadde eg feil i min siste spådom, men til meir ein tippar jo meir sansynleg er det at ein får rett.

Mitt tips i kveld: Tyrkia drit seg ut.
Norge drit seg ut.

Så er me like langt!

Åge Hareide veit ikkje kva han skal gjere framover. Han går nok av, men det avheng av eit par ting. Eit alternativ er at han får seg jobb i Molde FK som manager eller noko. Kjell Jonevret sit trygt i trenarstolen, sjølv om Åge skulle komme tilbake. Eller han går tilbake til banken der han kom frå (og kven hadde han som skjef då han jobba i bank sist? Riktig, Sondre Kåfjord.)

Det som heller ikkje overraskar meg er om han går til utlandet. Var det ikkje Stig Lillejord som sa at Åge ikkje har sjanse på å få seg jobb i ein storklubb? Nei, det trur ikkje eg heller, men om han vil trur eg han kan jobbe seg oppover i England. Mange av dei han spelte saman med og kjenner frå Manchester City og Norwich sit no i posisjonar rundt om i engelsk fotball. Dei kan nok hjelpe. Og så hjelp det på det han har fått til i Norge, Sverige og Danmark som trenar. Serie- og cupgull i alle landa er det ikkje mange som har.

Og så kan han fortsette på landslaget. Kven andre skal ta over? Sollid tener for godt, Normark vil ikkje kunne rykke ned med landslaget, så han vil nok ikkje bli trenar der.

Det som ville overraske meg er om han går tilbake til Rosenborg. Etter det året han var der så er det rart om det skulle gå. Men Rosenborg har vist seg som ein merkeleg klubb før også, dei ville jo ha tilbake Steffen Iversen - mannen som ropte "hater, hater RBK" på balkongen i Oslo.

Undrenes tid er ikkje over.

Ingen kommentarer: