mandag 24. mars 2008

Det tok ikkje lang tid...

Reportarar utan grenser


Rett før OL-ilden vart tennt på i dag skjedde det.

Sjølv satt eg i godstolen og såg på BBC sine direktesendingar på TV. CNN hadde også, men BBC var betre i dag (igjen). Ingen hadde vel rekna med at noko skulle skje i dag. Heller ikkje pressa var invitert, TV-sendingane var laga av uavhengige som kanalane kunne vise frå. Og så plutseleg er det ein fyr som spring over plassen medan presidenten i den kinesiske arrangementskomiteen preikar. Ein slagt kinesisk Gerhard Heiberg sikkert.

Grekarane er vel ikkje kjent for å vere dei raskaste (den raskaste skulle tenne OL-ilden i 2004, men vart tatt i doping rett før leikane, sprintaren Kostas Kenteris). Heile verda fekk kringkasta ein mann med eit flagg, det var vanskeleg å sjå kva som stod på flagget, men det var ikkje vanskeleg å skjøne kva han ville oppnå. Og så blir kameravinklane endra, ein ser berre rask rundt omkring og nokre sikkerheitsfolk. Då skjønar produsenten at denne vinkelen er heller ikkje god, så me får servert intetsigende bilete. Men det er ikkje det me vil sjå, er det?

Flagget er basert på fana som ein ser lenger opp. Protestanten kom antakelegvis frå Reportarar utan grenser, ein organisasjon som også følgjer OL i Beijing.

Dette er den andre større politiske ytringa me ser berre no i påska. Eg trur det kjem til å komme fleire framover. Fakkelen skal no gjennom mange rare gater, det er nok mange som kjem til å prøve å få slukket den. Ikkje minst på grunn av mediefølgjet som kjem til å vere overalt. Og med denne starten kjem både sikkerheitsfolk og media til å vere ekstra på vakt for at noko skal kunne skje.

Det skal iallefall bli interessant å følgje framover!

Og om du skulle lure, denoffisielle heimesida til IOC nemner ikkje protesten med eit ord. Det gjer heller ikkje heimesida til fakkelen.

Dagbladet

Ingen kommentarer: