mandag 3. november 2008

Er Ulseth blitt ein gamal mann?


Det som kjenneteiknar eldre er jo ofte dette med at alt var så mykje betre før. Det er den kjensla eg sit att med kvar gong eg les det Ulseth skriv.

Han har ein tendens å dyrke Nils Arne Eggen-æraen. Greitt nok, sjølv ein Molde-patriot ser at Eggen gjorde mykje bra i Trondheim, noko trønderane (eller bøndene som dei sa på NRK-sporten) ikkje har kommet over, etter det har det vore sparking av trenarar i hytt og gevær. Alt med Rosenborg er bra. (Dagbladet og Dagbladet.)

Der fekk jo Stabæk også litt skryt, det skal han ha.

Så er det midtbanen til Rosenborg som heller ikkje har vore noko etter at Eggen fann opp ein midtbanerolle til Brandhaug, som han skriv i Dagbladet

Men han roser Hamren for vrakinga av Jarstein - dog seier han ikkje noko om at det er keepertrenaren på landslaget som sett ut landslagskeeperen. Og kven er keepertrenar på Rosenborg? Det er den same som på landslaget. Korlei kan trenar Jamtfall seie til Åge Hareide at Jarstein skal stå på landslaget, når han har mista plassen på Rosenborg til ein annan nordmann? Dagbladet

Og her er ein litt artig ein, her hyllar Ulseth det å tape. Samstundes som han i den siste kronikken skriv at det er Stabæk som har imponert. Ein skulle tru at Ulseth digga Kamma i år? Igjen: Dagbladet.

Og meir Rosenborg-hyllast: Dagbladet (ja, det er i Dagbladet han skriv...

Kanskje får me i neste veke sjå ein artikkel der Ulseth er positiv til norsk fotball? For oss som går på kampar i tide og utide er det ikkje berre for å sjå ein god kamp, ein nervepirrande kamp som ender opp med siger til favoritt-laget kan vere vel så god som ein kamp som ender 3-0. Og ein spanande Tippeliga er bra for oss som ikkje vil at gullet skal vere utdelt fire rundar før slutt, me vil ha spaning! Sjå i år, kva for ein runde hadde det ikkje blitt om Tromsø og Stabæk skulle gjere opp om gullet i siste runde? Og nedrykket var heller ikkje klart før det stod att ein time av serien med Aalesund-leiing i Ålebyen og Molde-leiing på Hamar.

Har Ulseth tenkt på at det i helga var slik at begge småbrødrene måtte heie på storebror?

På Hamar måtte dei heie på Lillestrøm i siste runde. I Aalesund måtte dei heie på Molde. Artig. Må kjennast greitt for dei å vete at laga dei vil alt ondt er dei som kan redde dei.

Ingen kommentarer: