fredag 28. mars 2008

Og for dei som ikkje veit det, slik ender eliteserien i år


Tipping er artig, sjølv om eg ikkje er god til det. Her kjem mitt uhøgtidelege tips for sesongen 2008. Og der alle seier at dei skal dra fram tipset etter sesongen er ikkje eg like sikker på at eg vil megsjølv så ille.


1. Viking
Eit lag frå ein by som snart burde vinne igjen. Ein trenar som er passe gal til å tru at han kan få det til. Ryk ut tidleg i cupen og har berre serien å konse på.

2. Brann
Det blir nest øverst på Brann, alternativet er nest sist og så tape kvalifiseringa og rykke ned. Har mange bra spelarar, men ein ting er sikkert: å vinne to år på rad blir for mykje sjølv i Bergen.

3. Lillestrøm
Vil rote seg vekk sjølv utan hjelp frå andre. Tom Nordli gliser utover august og slår hjul på Åråsen, dei er nemleg nr. to rett bak Rosenborg på målforskjell. Raknar når både Riseth og Kippe må stå over med karantene. Arild Sundgot blir lånt ut til Hønefoss der broren Ole Bjørn treng ein spiss.

4. Rosenborg
Leiar serien halvvegs, Bjørn Henriksen blir geni-erklært som den føste i Trondheim sidan Eggen. Erik Hamren tek over og Rosenborg blir til slutt nr. 4. Ikkje naudsynt å nemne at etter sesongen tek Henriksen over laget att etter Hamren får sparken. Ny trenar neste sommar.

5. Molde
Kjem til å skåre ein del mål, men som alltid vil måla bli skåra av midtbanespelarar på Romsdalskysten. Kjem også til å sleppe inn ein del mål, mål som blir skåra av motstandaranes midtstopparar på corner.

6. Vålerenga
Litt høgt opp på tabellen for Vålerenga, men grunnen var at det ikkje var plass lenger nede. Martin Andressen veit ikkje kva han skal gjere når han blir sparka som mangaer, men ikkje som spelar. Kjetil Rekdal er eit heitt namn i Oslo, han kan ta jobben som manager og som midtbaneanker. Tradisjon er viktig i Vålerenga, og tradisjonen seier at ein bør hente inn gamle spelarar som har vore i utlandet.

7. Lyn
Henning Berg sit trygt. Ingen får med seg at Lyn ender opp midt på tabellen i år. Det er fordi ingen går og ser kampane.

8. Tromsø
Må utsette nokre kampar i byrjinga fordi det er snøstorm fram til slutten av mai. Steinar Nilsen er den trenaren i Norge som sit tryggast av alle. Rushfelt går til Brann i juli og alt er tilbake til normalt i nord.

9. Stabæk
No veit alle kva Stabæk vil på banen. Men ingen veit kor banen er. Nadderud er ei fin eng med "tribunar", Fornebu er enn så lenge ein flyplass for meg. Ingebrigt Steen-Jensen kjem ut med boka "Marel Baldvinson, eit Ona fyr i Bærum. Ein uautorisert biografi om ein flopp"

10. Fredrikstad
Må snart oppdage at kamen skal avgjerast på banen og ikkje i rettssalen. Anders Grönholm må kvitte seg med Rami Shaban, ryk ut mot Moss i 3. runde.

11. Aalesund
Blir lagt merke til fordi dei spelar i drakter som betre passar til bedriftsidrettslaget til Vegvesnet. Og at Nordmark må nemne dei når han er på TV. Men det er ikkje så ofte.

12. Strømsgodset
Tja, nesten alt er nesten bra. Ein trenar som ikkje har vore trenar før, og ved hans høgre side sit Knut Tørum. Og det blir vel som med Jesus, ein må ofrast for at laget skal kunne seie til Drammens Tidene at dei tek grep for å bli betre. Noko dei ikkje blir.

13. Bodø/Glimt
Greier seg fordi dei har sine lys/glimt i løpet av sesongen. To sterke sigrar på rad i august (7-0 og 6-0) gjer at dei går forbi Kamma.

14. Ham-Kam
Kamma blir degradert. Erlandsen blir for forutsigbart. Har fått Pål Strand som styrkar laget. Kjem til å bli mange skadar utover hausten når lag skal hevne det som skjedde i tilsvarande kamp i vårsesongen.

Let the show begin!

Til dømes Dagbladet sitt tips

2 kommentarer:

Anonym sa...

hvem er Bjørn Henriksen?

Idrettsblogg sa...

Høm, det gjekk litt fort i svingen...

Det er aliaset til Trond Børge Henriksen.