torsdag 27. mars 2008

Soga om Morgan Andersen


Så skulle ein tru at den saka var slutt, men nei - ikkje enno. Den er anka etter at Morgan Andersen fekk eit år betinga fengsel.

Den andre "straffa" han fekk var at kontrakta med Fredrikstad FK vart avslutta. No skjønar ikkje eg at FFK tilsette Andersen då dei gjorde. Saka mellom han, Lyn, Shittu, Chelsea og alle andre var jo ei kjent sak i media. Ein ting er at han kan vere ein god adm. dir. Men er han det når han får ein slik dom på seg? Og kva med fiktive diettgodtgjerslar og reiseregningar frå tida i NISO (ja, du kan lure på kva Lyn tenkte i hine, hårde dagar). I tillegg skal han kanskje få millionbonus i Fredrikstad, i anna privat næringsliv hadde han sikert gått på hovudet ut og alt han satt att med var fotsolemerket i rævva.

Sjølv om han har anka og at han slik sett juridisk kanskje ikkje enno er skuldig (eg er ikkje jurist, så eg veit ikkje formalia i dette), er det vel klart at nokon jobb i idretten må han sjå langt etter.
Eller det private nærligsliv? Å ha ein slik dom på seg lettar ikkje trykket same kva jobb ein vil ha.

Ein annan interessant ting er kva som skjer med pengane mellom Lyn, Chelesa og Manchester Utd. Her er det snakk om nokon slik som til saman 210 millionar kroner. Ikkje småtteri. Blir det regress?

Og så har med dei stakkars supporterane til Fredrikstad. Det var jo som Lyn-sjef alt dette skjedde, men i går var det Fredrikstad-fansen som vart intervjua. Kvifor ikkje intervjue nokon frå Lyn-land (eller er det så få av dei at dei er vanskelege å finne?)

Tja, det blir vel ein ny runde i retten, og sikkert ein til etter det. Sogaen om Morgan Andersen er ikkje ferdig.


Dagbladet I, II, III, IV, V, VI

Ingen kommentarer: