onsdag 19. mars 2008

To heltar legg opp. Flo og Lundekvam



Det er vel ikkje dei største sjokkbølgjane som går igjennom norsk fotball med nyheitene om at Tore André Flo og Claus Lundekvam legg opp. Men det er to spelarar som på kvar sitt vis har vore viktige for norsk fotball.

Flo, på sitt beste ein eminent spelar, har slitt dei siste åra. Korkje Leeds eller Vålerenga var vel ubetinga suksessar. Men han var med på kanskje den største kampen Norge har spelt, 2-1 over Brasil i VM - der han også skåra eit mål og skaffa straffa som Rekdal satt inn.

Flo-familien er på fleire måtar unik. Tore André og Jostein er av få brødrepar som har spelt samtidig på landslaget. Til saman har fire av søskenflokken spelt i norsk toppserie, Jostein og Tore André, men også Jarle og Kjell Rune. Det er det ikkje mange av. 155 mål på 455 kampar er ikkje verst, spesielt med tanke på at mange av måla er for klubbar som Chelsea og Rangers.

På den andre sida av målstatistikken finn ein Claus Lundekvam. 53 kampar og 1 mål for Brann. 375 kampar og 2 mål for Southhampton. Verdt å nemne er kanskje også at han skåra landslagets mål nr 1000, ikkje verst av ein som nesten aldri skårar (Moldes toppseriemål nr 999, 1001 og 1002 vart skåra av Magne Hoseth, men det var av alle David Ljung som fekk æra av å skåre nr 1000, ein forsvarsspelar).

Lundekvam har vore tru mot Southampton og har vore der i over ti år. Det står det respekt av i ei tid folk byttar klubb i hytt og gevær. Og til sommaren blir det avskjedkamp mot Celtic.

Hedres den som hedres bør.



Dagbladet om Lundekvam
Dagbladet om Flo

Ingen kommentarer: