søndag 16. mars 2008

Arild Stavrum og boka hans


Fantastisk!

Eg kan ikkje seie at "31 år på gress" kjem til å bli ein klassikar, men den er bra. Den er full av treffande beskrivingar av Molde som by, viser fleire stereotypar som supporterar.

At Molde er full av bensinstasjonar er noko alle veit. Byen ligg mellom to Hydro-stasjonar. Den einaste arkitektoniske fullførte delen av byen er frå Havneterminalen til Seilet. Og alle dei gamle damene som ligg med rævva i beda med sine grå kortbukser. Artig lesing, kjente igjen byen. (For dei som skulle lure, eg kjem frå ein stat utanfor Molde, eg vaks opp med å stikke innom Molde på laurdagar.)

Jan Henrik Indbjør i Romsdals Budstikke skriv at I den grad vi i det hele tatt skal ta innholdet i denne boka på alvor, synes vi det er litt lusent å bruke tidligere medspillere og navngitte personer som rollefigurer når budskapet er så ullent, når du som forfatter ikke gjør det klart om dette er fakta eller fiksjon. Tja, eg kan til dømes nemne frå boka at hovudkarakteren Joackim spelte for Lillestrøm i 2005, der han som Lillestrøm-spelar skåra i ekstraomgangen slik at Lillestrøm vann kampen. I den faktiske finalen var det Molde som skåra to i ekstraomgangane og vann.

Boka er ein roman, noko den heller ikkje legg skjul på. Mykje er sikkert henta frå, og er reelle situasjonar, frå verklegheita.

Det artige er at eg sit att med kjensla om at det er Arild Stavrum som er modell for ein figur i boka. Men det er ikkje Joackim. Stavrum er modell for trenaren (som ikkje veit om han er trenar når sesongen er ferdig).

Kven er så modellen for Joackim? Mitt tips er Freddy dos Santos! Santos var i Molde i nokre år, er frå Oslo, bla bla bla. Men ikkje at det er Santos.

At Inbjør ikkje er nøgd med boka kan jo ha noko med at Romsdals Budstikke får gjennomgå litt. Overskriftene som blir litt Se&Hør-aktige og slik.

Boka er absolutt verdt å lese. Stavrum skriv at Norge er for internasjonal fotball som Elnesvågen er for norsk. Litt som "31 år på gress" er for litteraturhistoria.

Men har du først opna boka greier du ikkje å legge ho frå deg!


Indbjør i RB

Ingen kommentarer: