onsdag 11. juni 2008

Om blogging


Det er slik blitt at om eg er inne på ei side som ikkje er blitt oppdatert på ei stund så er ikkje det bra...

Kva skal eg då seie om min eigen blogg?

Det er artig å blogge, men det er ikkje alltid eg har like lyst å skrive noko. Slik som i denne temperaturen som har vore i det siste. Då er det ikkje artig å skrive om laust og fast.

Forrige veke var eg på cupkampen mellom Skeid og Fredrikstad (2-3), då kunne eg skrevet om kvifor FFK ufortent gjekk til tredje rundt. På søndag var eg på Molde-Lyn (0-1), då kunne eg ha skrevet om det.

Mest av alt burde eg ha skrevet om Rosenborg. Dei som fekk eit mål mot Molde godkjent etter ein horribel hands. Så helga etter slenger John Pelu seg ned og skaffar straffe. Ikkje rart dei klatrar på tabellen, om det er slik det skal fortsette går dei vel til topps i år igjen?

Arild Stavrum hadde rett, og uheldigvis gjeld det fortsatt.

Ingen kommentarer: